Bok
Dødsdikt med suggererande kraft
Oddbjørn Birkeland skriv dødsdikt med sterkt tilbakehalden patos.
Oddbjørn Birkeland skriv enkelt og effektivt, meiner Sindre Ekrheim.
Foto: Niklas Lello
Dei konsise versa i Oddbjørn Birkelands andre diktbok suggererer. I første del vert ein fråverande, død og elska person påkalla. I den andre bolken høyrer lesaren røysta til den døde, som kallar på den attlevande.
Ein kan førestille seg ein indre dialog med ein kjær person som har gått bort, der tap og sakn er ein viktig del, samstundes som ein også høyrer at dei, når ho levde, var komne langt frå kvarandre: «Vi snakkar ikkje/ i munnen/ på kvarandre lenger// men heller ikkje/ nå/ veit eg// om du høyrer på meg», seier ho i eit dikt frå den andre sida.
Myte
Tittelen på boka påkallar ei av dei mytane skjønnlitteraturen ofte søkjer til, den om Orfeus og Eurydike. Men der myten fortel at Orfeus snur seg og slik ikkje får med seg Eurydike or dødsriket, er det Eurydike som snur seg i Birkelands dikt. Kanskje kan det forståast slik at kunsten ikkje vekker dei døde til live att, men likevel verkar så sterkt at han får dei til å røre seg, eller at ho berre snur seg vekk, i forakt.
I Birkelands dikt er den døde klar over at ho syg livet or den levande, og slik seier dikta noko om kva kostnader kunstutøvinga ber med seg. Den greske myten er ikkje integrert i dikta, han finst berre i boktittelen, som ei mogleg ramme å lese dikta inn i.
Kvardagsleg
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.