Død og pine, så moro
Maren Uthaug gravlegg finkjensla og gir liv til ei fantastisk historie.
Maren Uthaug er ein dansk-norsk forfattar, teikneserieskapar og bloggar.
Foto: Thomas A
Roman
Maren Uthaug:
Ein lykkeleg slutt
Samlaget
For dei som syntest Six Feet Under, om den amerikanske familien som driv eit gravferdsbyrå, var i overkant morbid, er det berre å styre unna Maren Uthaugs roman Ein lykkeleg slutt. Han overgår langt HBO-serien i groteskeri. Men toler du slikt, kan du trygt opne boka og med det same komme til å gi deg sjølv ei av årets store lesaropplevingar.
Det er Nicolas som fortel historia. Han er nekrofil og den einaste i åtte generasjonar av menn i familien som ikkje heiter Christian. Heilt frå Christian 1 reiste frå stillehavsøya Tikopia via Rotterdam til Danmark på 1800-talet, har familien halde seg i gravferdsbransjen og følgt tidas skikkar og nyvinningar på området. Nekrofile Nicolas skammar seg over legninga si, men nesten like mykje over at han ikkje heiter Christian.
Blant dei andre Christianane finst petimetrar, synske, brannstiftarar og mordarar, og alle damene i familien som heiter Liliane, anten dei lever opp eller ikkje, er krakilske og uregjerlege. Når nokon i familien blir ramma av ei overskridande kjensle, gjerne ei som er både oppheta og tabu, kjem det noko raudt til syne i augo deira. Dette trekket har dei bore med seg heilt frå starten på Stillehavsøya og er som ein raud tråd, bokstaveleg talt.
Ei reise i historia
Dansk-norske Maren Uthaug mottok Læsernes Bogpris for Ein lykkeleg slutt i 2020. Same år kom den kritikarroste Der det finst fuglar på norsk. Forfattaren er kjent for å ikkje ha ein særskilt kjenslevar forteljarstil, heller ikkje i årets roman legg ho fingrane imellom. «Den første gongen eg sitra i møte med kald hud, var i 1986», fortel Nicolas.
Men som forfattar er Uthaug sjølvsagt kjenslevar – observasjonsevna er upåklageleg, og der vi blir tatt med gjennom fleire generasjonar med gravferdshistorikk og -praksisar, kjem òg ein omfattande kultur- og samfunnshistorie til syne. Her høyrer vi for eksempel om utviklinga mot det sosialdemokratiske Danmark: «Då prestane endeleg fekk fast løn og ikkje lenger måtte leve av almisse, fanst det ikkje nokon grunn til å halde lengre minnetaler for dei rike eller reservere utvalde område på kyrkjegarden til dei som kunne betale. Frå no av var vi alle like, også i døden.»
Gravferdsbransjen har alltid stått tett på den medisinske historia, og også sjukdomsutbrota og pandemiane får sin omtale, som kolera, difteri og polio. Ein gong var dette som eventyr frå ei fjern fortid, i koronatida kjennest tematikken nær og akutt.
Kløktig karikatur
Først og fremst er Ein lykkeleg slutt ein særs underhaldande roman, skriven i eit presist overskotsspråk, om ein passe skrudd og karikert familie. Men karikaturen sender oss like mykje inn i oss sjølve og våre eigne familieløyndommar som ut i den distanserte latteren.
Maren Uthaug femnar om mykje i denne romanen. Etter enda lesing kjennest det som om ein har vore både på ei historisk, menneskeleg og forteljeteknisk danningsferd.
Av og til kan ein i omsetjinga til Ingvild Holvik finne litt restedansk, som i utbrota «Åh, for helvete også» og «Jammen, velkommen hit». Men i det store og heile har Holvik gjort ein framifrå jobb med dette omfattande og tematisk løpske tekstkorpuset.
Ingvild Bræin
Ingvild Bræin er forfattar, nordist og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Som forfattar er Uthaug sjølvsagt kjenslevar – observasjonsevna er upåklageleg.
Fleire artiklar
Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.
Foto: Erik Johansen / NTB
Meir om seinfølgjer
Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.
Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.
Foto: Maria Jemeljanova / Fide
«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»
Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Veksande fjernstyre
Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.
Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB
Overgrep som skakar folkeretten
Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.