Bok

Dit. Og attende igjen.

Erling Kagge kjem med eventyrvettreglar for eventyrarar og andre, både for turen og for returen til kvardagen.

Erling Kagge er den einaste i verda som har vore på både Nordpolen, Sørpolen og Mount Everest.
Erling Kagge er den einaste i verda som har vore på både Nordpolen, Sørpolen og Mount Everest.
Publisert

Erling Kagge er så kjend at det ikkje er naudsynt å introdusera han: Den første som har gått og klatra til dei tre ytterpunkta på jorda: Nordpolen, Sørpolen og Mount Everest. Og som sidan har hatt stor suksess som kunstsamlar og grunnleggjar og eigar av forlaget som gjev ut denne boka. Ja, og fleire andre bøker han har skrive, som har vorte omsette til 38 språk med strålande meldingar i verdas største aviser.

Definisjonen

At Kagge er, eller har vore, ein eventyrar, er sjølvsagt. Likevel: Kva er ein eventyrar? Eg spør av di årets bok («en betydelig omarbeidet utgave av boka med same tittel som ble utgitt på Kagge Forlag i 2005») har som undertittel «Filosofi for eventyrere». Ein mogeleg definisjon er at det er ein som dreg ut på ein farleg tur, helst som førstemann, og som får erfaringar å skriva om i ei bok. Eg er til dømes ikkje nokon eventyrar: Eg har gått åleine over Hardangervidda. Men det var ikkje farleg, eg var ikkje førstemann og har ikkje skrive bok om det.

Samstundes kan ein undra seg: Kven er denne filosofien skriven for? Er han berre for eventyrarar? Då vert opplaget lite. Ei nettside ramsar opp så få som 44 norske eventyrarar, dei fleste av dei døde. Men det er sjølvsagt fleire mellom dei som brukar dei 38 språka. Mest rimeleg er det likevel å tru at boka er meint for dei som ovundrar eventyrarar, utan sjølv å vera eventyrarar, og som ønskjer å få del i den visdomen eventyrarar hentar ut av eventyra sine. Då kan boka treffa eit stort segment, som det heiter.

Rettleiing

For det er mange som ønskjer å verta rettleidd av ein rettleiar som har overordna autoritet. Mykje av det Jesus sa, var knapt oppsiktsvekkjande i seg sjølv. Men når det var Guds son som sa det...? Det er det Life of Brian parodierer. Og tusenvis betaler fleire tusen for å høyra den canadiske psykologen Jordan Peterson fortelja dei kva dei skal meina. Det er elles vanleg at profetar kjem attende til sivilisasjonen og samfunnet med visdomen sin etter ein eventyrleg tur ute i naturen. Moses kom ned frå Sinaifjellet med dei ti boda. Jonas Gahr Støre klatra opp på Hallingskarvet for å få bodet om at han skulle verta Ap-leiar. Og Kagge? Ein som har vore på dei tre polane, må jo ha lært så mykje, «alt jeg ikke lærte på skolen», som er hovudtittelen, at det han (det er mest mannlege eventyrar) seier, får ei anna tyngd enn når «folk flest» seier det.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement