JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Det vonde i historia

I etterordet til den nye roman Tilintetgjøre hintar Michel Houellebecq om at det kan vere hans siste. Det er inga uvanleg melding frå aldrande suksessforfattarar, men noko ein lyt ta med ei klype salt.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Michel Houllebecq vert rekna som ein av dei viktigaste samtidsforfattarane. Han kombinerer samfunnskritikk med eksistensielle spørsmål.

Foto: Francois Berthier / Getty Images / Cappelen Damm

9630
20220304
9630
20220304

Roman

Michel Houellebecq:

Tilintetgjøre

Omsett frå fransk av Tom Lotherington
Cappelen Damm

Likevel kan ein tru at Houellebecq har skrive Tilintetgjøre med tanke på å runde av forfattarskapen sin, for denne romanen femnar om alle dei viktigaste temaa hans: den vestlege sivilisasjonens forfall, mangelen på idémessig kjerne i moderniteten, slutten på seksualiteten og kjærleiken, pengegriskleik som einaste drivkraft i vår tid, det umenneskelege i nyare teknologi og så bortetter.

Eg vil ikkje i denne omtala freiste å gje att handlinga i boka, for Tilintetgjøre er ein av Houellebecqs lengste og rikaste romanar. Dei over seks hundre sidene fortel ei brei moderne familiehistorie som gir lesaren høve til å gjere seg mange tankar om kjærleik og alderdom, sjukdom og død.

Ein kunne sjå desse temaa, som vert vekte opp av familiehistoria og tek det meste av plassen, som viktigast, særleg sidan dei er meir inngåande og empatisk skildra enn ofte elles i forfattarskapen. Likevel vil eg heller sjå på ramma kring dei personlege historiene. I denne ramma møter vi Houellebecqs metafysiske side.

Denne sida er sjølvsagt ikkje ny, men bringar vidare det ein kunne kalle ei metafysisk vending som startar med behandlinga av islam i Underkastelse (2015) og kristendommen i Serotonin (2019). I Tilintetgjøre vert dette religiøse repertoaret utvida med okkultismen.

Terror og satanisme

Hovudpersonen ber det meiningstunge namnet Paul Raison, som seier noko om korleis han lever i spennet mellom fornuft (Raison) og kristendom/metafysikk (Paulus). Denne middelaldrande, einsame mannen dveler i ei ekteskapeleg krise som har vart i ti år, der han og kona Prudence lever lidenskapslaust ved sida av kvarandre som to framande.

Han arbeider i den franske etterretningstenesta og som rådgjevar for finansministerens Bruno Juge, men finn seg «i den merkelige situasjon at han arbeidet iherdig [...] for å opprettholde et samfunnssystem som han visste var uunngåelig dømt til undergang, og sannsynligvis ikke på særlig lang sikt».

Undergangen til systemet vert varsla der Tilintetgjøre opnar med eit trugsmål mot Bruno. Etterforskinga av trugsmålet går gjennom heile romanen, medan terroristane slår til med stadig kraftigare åtak. Terroranslaga er i tur og orden retta mot eit kinesisk handelsskip, eit høgteknologisk selskap som arbeider med å skapa hybridar av datamaskin og menneske, ein sædbank, eit seminar for den internasjonale økonomiske eliten og ein immigrantbåt i Middelhavet. Terroristane er høgteknologisk kompetente, med militær slagkraft, og har ein antimoderne, antiglobalistisk og økofundamentalistisk profil.

Denne profilen vert utdjupa i romanen gjennom attgjevinga av den franske okkultisten Éliphas Lévis teikning av den demoniske skikkelsen Baffomet, som Lévi såg for seg som eit symbol for foreininga av motsetnader som kvinneleg–mannleg, godt–vondt, menneske–dyr, natur–ånd og så bortetter. I nyare tid er teikninga teken opp i satanismen, som oppfattar henne som eit bilete av Satan.

Den moderne satanismen forstår seg som ein heidensk og human-etisk naturreligion med vekt på individualisme, sjølvutleving og motstand mot rådande makter. Den merkelege og uhyggelege Aleister Crowley, ein av dei okkulte gudfedrane for moderne popkultur frå Beatles til Bowie, knytte seg òg til Baffomet-symbolet. Det tvitydige i dette symbolet, som ein knapt veit om står for det gode eller det vonde, men sikkert nok for det ikkje-kristne, går att både i teksten og i iaugefallande teikningar i Tilintetgjøre.

Terrorgruppa presenterer seg sjølv med pentagonar, femkanta figurar, som knyter seg til denne satanistiske Baffomet, som er framstilt med eit pentagram i panna. At terroristane slik ymtar til Baffomet, veit ein fordi etterretninga finn at dei geografiske åstadene for terroranslaga dannar eit pentagram. Men framstillinga av terroren er like tvitydig som teikninga til Éliphas Lévi: Vi veit ikkje sikkert om dette åtaket på samfunnsordninga skal vere av det gode eller av det vonde.

Joseph de Maistre

Mellom innslaga av terror og forfall lever romanpersonane livet sitt så godt dei kan, og det er som sagt dette daglegdagse som opptek storparten av plassen i boka. Men innimellom forteljingane om mange dramatiske og stundom gripande livslaup lèt forfattaren ulike romanpersonar karakterisere samtida i essayistisk prega utsegner.

Her vert godt og vondt ikkje berre oppfatta psykologisk eller sosiologisk, som er det vanlege i vår tid, men som metafysiske storleikar. Her er det freistande å seie at Tilintetgjøre er meir konkret i presiseringa av det vonde enn norske biskopar, som ikkje eingong trur på eit helvete.

Romanens karakteristikk av samtida skjer i tilvisinga til den franske forfattaren og diplomaten Joseph de Maistre (1753­–1821). Han dukkar opp tre stader i teksta, fyrst som yndingsforfattaren til Pauls far, så som Pauls lektyre då han har fått kreftdiagnosen, og endeleg innbaka i ein overraskande monolog av finansministeren Bruno Juge mot slutten av romanen.

Paul legg fram ein av de Maistres hovudtesar slik at det liknar ein diagnose av samtida, om enn på vilkår: «Den franske revolusjon var fra ende til annen inspirert av Satan; opplysningstidens filosofer, som var revolusjonens opphav, hadde mottatt sine instrukser direkte fra Mørkets Fyrste [...]. Det sto ikke til a° nekte at denne tolkningen, hvis man sa° den fra en rojalistisk katolikks nødvendigvis særegne synsvinkel, hadde noe for seg.»

Med denne relative godkjenninga av de Maistres syn på revolusjonen opnar Tilintetgjøre for ei personifisering av det vonde i historia på visse vilkår. Noko tilsvarande skjer i monologen til romanpersonen Bruno, som set opp ein parallell mellom krigen mot nazismen og reaksjonen mot den franske revolusjonen. Hitler og Voltaire, som vert rekna som revolusjonens ideolog, vert dimed to alen av same stykke.

Grunnsynsmåten hjå både le Maistre og Bruno er at den moderne ateismen inneber ein destruksjon av verdisystemet som vestleg sivilisasjon kviler på: «Nazismen hadde pa° sin ma°te vært en revolusjonær bevegelse som hadde tatt sikte pa° a° skifte ut det eksisterende verdisystemet, og hadde ga°tt til angrep pa° alle de andre europeiske landene ikke bare for a° invadere dem, men ogsa° for a° omskape verdisystemene deres, og akkurat som med den franske revolusjon ifølge de Maistre, hersket det ingen tvil om dens sataniske opprinnelse.»

Dei to kvinnene

Men som sagt er den moderne satanismen tvitydig: Han kallar fram det gamle biletet av Satan, det vonde, samstundes som han gjer krav på å stå for fridom, sjølvstende og individualisme. At slik ikkje nærare definert «fridom» ofte inneber at dei destruktive kreftene vert sleppte fri, både individuelt og sosialt, ligg vel i romanens framstilling av den valdelege terrorrørsla. Men Tilintetgjøre har òg ei indirekte framstilling av den paganistiske heksereligionen wicca, som ligg satanismen nær, som noko konstruktivt. Dette skjer gjennom kvinnene i boka.

Nær seg har Paul systera Cécile og kona Prudence. Systera er truande, aktiv katolikk, kona etter kvart tilhengjar av wicca-kulten som vil attende til naturen, mytologiane og førkristen gudstru. Også her er namna stikkord: Cécile tyder «den blinde» og syner til kristentrua (men ikkje negativt meint); Prudence tyder «den framsynte» som tek rasjonelle val og kan forvandle seg sjølv, og syner til heksereligionen wicca. Dimed vert det sataniske gjeve positivt forteikn.

Cécile er med den blinde kristentrua si eit grunnleggjande intakt menneske, ho er på fleire vis det «naturleg gode». Den samstundes meir moderne og meir antimoderne Prudence er ein meir komplisert personlegdom. Den rolla ho får i forteljinga, inneber ei anerkjenning av den ikkje-valdlege, åndeleg og vitalistisk orienterte sida av 1968-rørsla som ein byggjande motpol til «det vonde» – endå ei uventa vending hjå Houellebecq som vart herostratisk namngjeten for åtaket sitt på sekstiåttarane i roman etter roman.

Slutten?

I det heile er skildringa av tilhøvet mellom Paul og Prudence eit høgdepunkt i romanen. Inn i døden er det heller Prudence med si tru på reinkarnasjonen som danningsveg for ånda gjennom sekla, som kan fylgje og trøyste den døyande Paul, enn den meir tradisjonelt truande Cécile.

Likevel sluttar romanen ikkje berre med oppstoda til den erotiske kjærleiken og ein aksept av religionen på visse vilkår, men med tilinkjesgjeringa av alt dette, der dei to elskande skjønar at livet i denne verda ikkje kan endrast, berre lindrast med «noen vidunderlige løgner».

Houellebecq ville heller ikkje ha vore Houellebecq om den romanen som kanskje rundar av forfattarskapen hans, enda i ei mild forsoning med den verda han har stått i strid med heilt sidan debuten, i essayet om horrorforfattaren H.P. Lovecraft med den mykje talande tittelen: Contre le monde, contre la vie (Mot verda, mot livet).

Michel Houellebecq har vorte kalla vår tids Balzac, fordi ingen annan forfattar fangar samtida i same breidd og djupn som han. Han kan gjere dette fordi han ikkje berre er eit barn av tida som vi alle, men ein deltakar og tilskodar som samstundes ser tida innanfrå og utanfrå. Tilintetgjøre er eit nytt døme på kva litteraturen kan gjere for oss når han er oppgåva si vaksen: å lata det opplagde vi er blinde for, verte synleg.

Kaj Skagen

Kaj Skagen er forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Skildringa av til­høvet mellom Paul og Prudence eit høgdepunkt i romanen.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis