Det totalitære stjernedømet
Stalinisme er eit betre namn på Kim Jong-uns ørkenland.
Forfattar Terje Albregtsen mislikte sterkt å sjå knefallet for gamle leiarar som enno er «i live».
Foto: David Guttenfelder / AP / NTB scanpix
Sakprosa
Terje Albregtsen:
Fasciststaten Nord-Korea. Ei uvanlig reiseskildring
Kolofon
Nord-Korea er i vinden for tida. Toppmøtet mellom Kim Jong-un og Donald Trump har ikkje gjort interessa mindre. Dei 18 millionane i nord er sette i spel mellom stormaktene. No undrar alle seg over kva som kjem til å skje.
Toppmøte er så mangt. I 1938 kom Neville Chamberlain heim frå Hitler i Berghof og vifta med eit papir: «Peace For Our Time». Det varte ikkje lenge. I 1961 hadde vi eit tilsvarande toppmøte i Wien mellom Nikita Khrusjtsjov og John F. Kennedy. Der herja den sovjetiske leiaren med den unge presidenten.
Khrusjtsjov trudde Kennedy var så svak at han kunne testa han. Cuba-krisa, der verda stod framfor eit kjernefysisk ragnarok, vart resultatet.
På den andre sida vart møta mellom Ronald Reagan og Mikhail Gorbatsjov fruktbare, likeins mellom Konrad Adenauer og Charles de Gaulle. Om vi tenkjer på kor uføreseielege slike arrangement kan vere, gløym ikkje den spontane folkelege hyllinga av Willy Brandt i Erfurt etter at han hadde møtt Willi Stoph og dei andre DDR-leiarane. Det sette i gang ei hending som synte seg å vera historisk viktig.
Undertrykkingssystem
Men kva veit vi om tilstanden i det lukka landet Nord-Korea? Om einskildmenneska, om fattigdomen, helsetilstanden til folk, mangelen på mat, den massive politiske undertrykkinga, leirsystemet for opposisjonelle og dei vilkårlege fengslingane? Maktkampane i leiarsjiktet, drapa på nærståande familiemedlemer og generalar?
Nord Korea er George Orwells 1984-samfunn i n-te potens. Sanningsministeriet og Storebror i Oseania med atomrakettar.
Det finst ikkje så mange reportasjar derfrå. Men no har vi ein: Den norske læraren Terje Albregtsens turistrapport Fasciststaten Nord-Korea. Dette er ei upretensiøs bok. Albregtsen går ikkje i dei mange fellene som det er så mange av når politiske pilegrimar til høgre og venstre vitjar draumesamfunna sine. Han er ikkje ein pilegrim.
Her er ikkje ein Beatrice Webb som fjerna spørjeteiknet frå boka Soviet Russia – a New Civilization (?) midt under Stalins skodeprosessar i 1937, der den paranoide tyrannen drap Lenins revolusjonskameratar med nakkeskot. Det er ikkje naudsynleg å nemne fleire namn frå dette skrekkabinettet. Men nett fordi hjulspora ligg så nær, er det fint å lesa Albregtsens direkte skildringar av landet sett frå ein turistsynsstad. Det er friserte inntrykk, og han er medviten om det.
Det som gjer Albregtsen verkeleg hissig, er å vera vitne til den smaklause religiøse dyrkinga av Kim-dynastiet i kjempehallar med statuar, blomar og verbalorgasmar. Albregtsen og fylgjet hans må kle seg sømeleg, bukke underdanig og te seg som, jau, pilegrimar, nett som på ei gudsteneste.
Albregtsen vert rasande, og vi skjønar han. Kim Jong-un kan ikkje kallast med normale titlar fordi far og farfar hans er enno «i live».
Elles er det flust med forventa inntrykk: Folk som oppfører seg som zombiar (men også venleg), mange freistnader på å skjula fattigdom, landbruk med hakker og spader, elendig infrastruktur, enorme vedlikehaldsbehov, nitid kontroll av fotoapparat og så vidare. Slik vi kjenner det frå liknande despoti. Heller ikkje USSR makta å gje folket såpe og dopapir.
FASCISME?
Albregtsen meiner vi står andsynes ein fasciststat. Han meiner Nord-Korea heller ikkje er ein kommuniststat, etter å ha studert juche-ideologien (total sjølvforsyning).
Kan hende er stalinisme eit betre ord – med ekstrem persondyrking, totalkontroll, sosialisme i eitt land, mordarisk forfølging av «folkefiendar» og paranoia. Likskapane mellom Stalin og Kim er mange.
Men på eitt punkt skal Albregtsen få rett i fascismeanalogien: Kim Il Sung lever no, seier dei. Den same absurde dødskulten hadde dei spanske fascistane. Den spanske falangistleiaren José Antonio de Rivera (f. 1903) vart skoten av republikanarane i 1936, men falangistane starta likevel lenge møta sine med å ropa ut «José Antonio presente!». Som Francos kjernetroppar den gongen, så Kim i dag. Terje Albregtsen er i alle fall her på trygg grunn når han ser parallellane.
Bernt Hagtvet
Bernt Hagtvet er professor i statsvitskap ved UiO og Bjørknes Høyskole og fast skribent
i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det som gjer Albregsten verkeleg hissig, er å vera vitne til den smaklause religiøse dyrkinga av Kim-dynastiet.
Fleire artiklar
Foto: Dag Aanderaa
Pyntesjuke og luksuslov
Christian Kvart ville styre pynten, krydderet og konfekten.
Miridae, ei bladtege med oval form.
Foto: via Wikimedia Commons
Levande innsikt om døyande insekt
Ein optimistisk tone råder i ei tettpakka faktabok om dystre utsikter for insekta.
Moss–Horten-ferja er den mest trafikkerte i landet. Skjer det noko uføresett, som då dei tilsette blei tatt ut i LO-streik i fjor, veks køane på begge sider av fjorden.
Foto: Terje Bendiksby / AP / NTB
Pengegaloppen i ferjetoppen
Det står ei Norled-ferje her og ei Torghatten-ferje der – innstilte. Ferja, ein livsnerve for mange, er eigd av folk vi ikkje aner kven er, utanfor vår kontroll.
Yrka med det høgste sjukefråværet er kvinnedominerte med relasjonelt arbeid og høge emosjonelle krav, skriv Lill Sverresdatter Larsen.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Langvarig overbelastning gir rekordhøyt sykefravær
«Vi har lenge drevet en dugnad for å holde skuta flytende.»
Teikning: May Linn Clement