JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Det planøkologiske fyrverkeriet

Terje Rasmussen har reist Finn Gustavsen eit monument og utvida forståinga av norsk politikk i siste halvdel av førre hundreåret.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
SV gjorde eit godt stortingsval i 1973. Frå venstre: Per Eggum Mauseth, Finn Gustavsen og Kjell Cordtsen. Bak fra venstre: ukjent,Berit Ås, Madz Sandman og Rolf Hanoa.

Foto: Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek

10100
20210115
10100
20210115

Biografi

Terje Rasmussen:

Folkesosialisten. Biografien om Finn Gustavsen

Forlaget Manifest

Tittelen på denne meldinga er vald med omhug. Lesaren vil stusse. For er ikkje Finn Gustavsen, stortingsmann i to omgangar (1961–69 og 1974–77), redaktør for vekeavisa Orientering og velskrivande sakprosaforfattar, fyrst og fremst knytt til den planøkonomiske retninga i norsk politikk?

Jo, det er rett. I økonomisk politikk stod Finn Gustavsen for planøkonomi med utjamning og sosialisering av bankane som hjørnesteinar. Men eit viktig poeng med den fine biografien til Terje Rasmussen er at han syner kor open Gustavsen var for nye tenkjemåtar i politikken.

I memoarboka Kortene på bordet frå 1979 kjem dette klart fram. Kva meining gav det i det søkkrike Noreg å kome med ustoppelege lønskrav, spurde Gustavsen, i ei verd med knappe ressursar, enorm fattigdom og tiltakande miljøforverring?

Rasmussen syner at Finn Gustavsen, saman med Kåre Øystein Hansen, var ein av de fyrste til å åtvare mot miljøverknadene av olja. I ein merknad frå 1974 til Oljemeldinga skreiv dei at «jordens klima og varmebalanse kan bli endret på uforutsett vis». Til Høgre kom han med denne bannbullen: Partiet «appellerer til de sletteste instinkter i vårt folk når det gjelder å karre seg til mammon». Økologi og jamnare fordeling vart merkesteinar for Sosialistisk Folkeparti (SF).

RÅKA I ISEN

Gustavsen ville ha større likskap, nedrusting, bort med blokkpolitikken og norsk medlemskap i Nato og meir til u-hjelp. Antikolonialisme var eit avgjerande merke for Gustavsen, som det var for heile SF frå starten.

Her låg kjernen i «det tredje standpunktet». Det var ein freistnad på å bryte ei råk, som det heitte, i isen mellom aust og vest, mellom eit tilstivna og byråkratisk sosialdemokrati, slik det vart opplevt frå venstre, og betongmarxismen i aust, som berre inspirerte ei overvintra utgruppe. Nett å skildre korleis det var å navigere i dette kaldkrigsisaudet, er sjølve golvet i biografien. Korleis balansere kritikk mot USA med kritikk mot Sovjetunionen?

Det er blitt drivande interessant lesing, ei krysning mellom real- og politisk idéhistorie av ypparste merke. Pluss mange knivsoddar av intens personstrid, erotisk og politisk.

Gustavsen såg verda i ein slags konvergens: Sovjet tolte ikkje sosialisme med eit menneskeleg andlet i Tsjekkoslovakia i 1968, USA ville ikkje ha venstredreiing i Hellas, og CIA sleppte difor oberstane inn i 1967.

Dette var spegelbiletet i den kalde krigen. Resultat av den ulykksalige blokkpolitikken, der Noreg var spydspissen mot aust. Ergo vart motstanden mot utplassering av kjernevåpen her til lands ei kjernesak for partiet. Difor også for Berge Furre og Finn Gustavsens offentleggjering av Loran C.-dokumenta, som gjalt navigasjonshjelp frå stasjonar på land til amerikanske Polaris-ubåtar langs norskekysten.

Samanlikninga mellom USA og Sovjetunionen heldt ikkje heilt. Trass alt såg du ikkje amerikanske tanks framfor Akropolis.

DET NYE VENSTRE

Rasmussen meiner Orientering og SF må sjåast som ein del av det europeiske «nye venstre», ein ny-marxistisk idéstraum med inspirasjon frå folk som Raymond Williams, Edvard Thompson og Perry Anderson i England. Det er rett å sjå den norske venstresosialismen i eit slikt ljos.

Men denne meldaren hadde då ynskt seg enda meir stoff om denne europeiske dimensjonen. Altfor mykje av norsk politisk historie ber preg av heimstadlære. Her kunne eit meir systematisk samanliknande perspektiv til Storbritannia og dei nordiske landa vore spanande.

Dansk SF kom etter ei sprenging av det danske kommunistpartiet, det norske SF etter ei splitting i Arbeidarpartiet, medan i Sverige utvikla venstresosialismen seg innanfor Sveriges kommunistiska parti (SKP) og enda i det eurokommunistiske Vänsterpartiet Kommunisterna (VPK). Kvifor? Sverige hadde ikkje Nato. Der ligg noko av årsaka. Neste gong, Rasmussen! Du har perspektiva inne.

Heilt sidan stiftinga av SF i 1961 hadde Gustavsen vore ambivalent til å kjempe for djupare løningsposar her heime. Kvar nordmann over 15 år brukar meir til tobakk og alkohol enn ein heil familie i Tanzania, skreiv han. Det var ei meir rettferdig fordeling i Noreg og internasjonalt som kom til å bli varemerket hans som politikar. Gustavsen melde seg inn i Framtiden i våre hender og la fram idear om å fryse fast alle lønskrav i to år. Han var kort sagt fed up av Noreg. Det gjorde han ikkje velsett i LO.

ØKOPOLITISK VENDING

Då Gustavsen vart fanga inn av desse tankane, hadde økopolitiske idear vore på veg opp, med Hartvig Sætra, Ottar Brox og Bjørn Unneberg i Senterpartiet i front. Vi må ikkje gløyme at det grøne SV i dag har lange anar. Det var den gongen ordet populisme ikkje hadde dei negative konnotasjonane ordet har i dag. Vi må heller ikkje gløyme at det var Trygve Bratteli som etablerte det fyrste miljøverndepartementet vårt. Og Gro Harlem Brundtland starta som miljøvernminister. Økologi låg i tida.

Denne vendinga i retning grøn politikk må også bli forstått i samband med nei-sigeren i folkerøystinga om EEC i 1972. Gustavsen såg klårt at her var det oppstått eit rom for politikk til venstre for Ap. Det kunne SF fylle. Men det vart skusla bort med SV-samlinga. Med historikaren og SF-veteranen Per Maurseths ord: «Samlingen gled fra triumf til tragedie. Den ble båret fram i håp om en kvart million velgere ved stortingsvalget i 1973. To år senere flyktet de i mismot. Håpet var knust, en enestående historisk sjanse forspilt (...) På tapssiden står også en av våre beste politikere, misbrukt, mishandlet og påført sliteskader av sine egne.»

Ein av grunnane, sa Gustavsen, var at SFs profil av open samtale og sosialisme på norsk vart føyst bort i samrøre med sekta Norges Kommunistiske Parti (NKP) og endelause teseteologiske diskusjonar om den «vitskaplege» marxisme-leninismen, Mao Tse Tungs tenking. Ei tragisk blindgate som han fyrst såg i nystalinismen i Sosialistisk Ungdomsforbund (SUF) i 1969. Kampen for å redde SFs ungdomsorganisasjon frå å bli eit kaderparti og ein kile inn i SF frå det som seinare vart AKP (m-l), er framifrå historisk reportasje. Her kom SF på barrikadane for grunnleggjande demokratiske verdiar. Ikkje verdt å gløyme når vi i dag veit korleis dette partiet margstal norsk venstreside i to tiår.

På avgjerande punkt i samlingsprosessen frå 1974–76 vart både Gustavsen og Reidar T. Larsen desavuerte av eigne parti og enda opp som politiske rekonvalesentar.

NKPS SKITNE SPEL

Gustavsen var heile tida skeptisk til samlingsprosessen som førte til Sosialistisk Venstreparti (SV) i 1975–76. Gustavsen trudde aldri at NKP ville leggje seg ned sjølv. Han fekk rett og kom aldri over at avisa hans, Orientering, vart ofra for å få NKP med. Friheten, NKPs organ, vart aldri lagt ned.

Rasmussens skildring av denne fasen fram mot SV er like spanande som ein kriminalroman. NKP stod for eit skite spel. Partiet hadde vedteke i løynd i 1975 at NKP ikkje skulle leggjast ned, men heldt det skjult for dei andre i koalisjonen. Gustavsen meinte at SF gav for mykje i samlingsprosessen og var for naive i møtet med gamalkommunistane, som var styrte frå Moskva.

Eit gjennomgåande perspektiv i Rasmussens biografi er korleis Gustavsen vart gradvis marginalisert, ja, nokså tarveleg handsama. Ikkje trudde han på gud, ikkje skjøna han nynorskrørsla, og han stod nokså framand andsynes feminismen. Ikkje rart, kanskje, at det gjekk som det gjekk.

Den mest kjende og mest effektive venstresosialisten i Noreg vart sett på som forbikøyrd av tida utover 70-åra. Sekstiåttarane var ikkje uskuldige. Spenningar av klassisk sort mellom intellektuelle og grasrota spela med.

For Steinar Stjernø, statsvitaren som var nestleiar i SV frå 1975 til -77, gjalt det at Gustavsen var den som stadig heldt igjen, som «gang på gang ikke greide å møte krav om en mer forpliktende arbeidsstil og en faglig skarpere poltikk og avgrensning overfor sosialdemokratiet», som han skreiv då han melde Gustavsens politiske sjølvbiografi Kortene på bordet i Kontrast.

For den erfarne journalisten Bjørn Hansen i Arbeiderbladet dreidde striden om Gustavsen seg om hans «anti-autoritære legning» som nesten er «bohemaktig» og fjernt frå «kommunismens stålgrå disiplinkrav».

MENTAL KRISE

Stemninga av overmett forbruk i 70-åra var nok medverkande til at Gustavsen etter stortingskarrieren ville utgjere ein skilnad i u-land. Men tida som Norads stadlege representant i Mosambik var ikkje vellukka. Einsemd og alkohol verka inn og gav han ein psykisk knekk. Han måtte få hjelp på Vinderen psykiatriske klinikk.

Rasmussen dveler ikkje for mykje ved denne fasen av Gustavsens liv, men er ærleg på at han hadde det uroleg heime. Ei opprivande skilsmisse, rovdrift på kroppen med røyk og tidvis umenneskeleg arbeidspress som politikar, TV-debattant og valkamptalar – alt sleit han ned.

DRIVANDE POLITIKAR

Eg høyrde han i Magasinparken på Kongsberg i 1963, midt under Kings Bay-krisa. Han var intens og veltalande og delte ut sarkasmane i rimelege porsjonar. Ingen kunne som Gustavsen gjere greie for partiprogrammet på ein slik folkeleg og engasjerande måte. Han var ikkje vulgær, som populistane til høgre i dag, men prinsipiell og sjølvstendig.

At Gustavsen var med på å felle Einar Gerhardsen på Kings Bay-saka i 1963, kom av at han såg prinsipielt på saka: Han kunne ikkje sjå at statsdrift i seg sjølv var progressivt eller hadde noko med det han såg på som demokratisk sosialisme, å gjere. Byråkrati var byråkrati, same kor det kom frå. Kings Bay var ledd i ei bølgje av kritikk mot statsdrift – Sara Lidman skreiv om Kiruna, det same gjorde Gustavsen, og Tore Linné Eriksen skreiv om Rana. SF var på offensiven, men ikkje i vala. Gustavsen sa at han angra på at han sa nei til attval i 1969.

Bernt Hagtvet

Bernt Hagtvet er professor i statsvitskap ved Bjørknes Høyskole i Oslo og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det er blitt
drivande interessant lesing, ei krysning mellom real- og politisk idéhistorie av ypparste merke.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis