Bok
Det ljomande fråværet
Romanen er ein ballong som stig kraftfullt til vêrs, men som dalar litt mot slutten.
Ingrid Melfald Hafredal er forfattar og omsetjar.
Foto: Pernille Marie Walvik
Kva skjer når nokon blir borte? Når ein ikkje veit kva som har skjedd, om personen lever eller er død? Det veit Bjørn og dottera Silje, etter at mor til Silje, Kjersti, ein dag forsvinn. Etter sju år har dei fått livet sitt omtrentleg på plass, men holet etter mora er framleis stort og utetteleg.
Dirringa
Romanen De som venter er delt i tre. Vi får først historia frå Bjørn si side, deretter frå Silje, til sist er det Kjersti sjølv som kjem til orde. Bjørn er friluftslivslærar ved ein høgskule. Han er godt likt av elevane og har sjølv eit nært forhold til naturen. Han vekslar mellom å engasjere seg i kvardagen og gi seg over til saknet av Kjersti, mellom anna ved å lese dagbøkene hennar.
Silje studerer i ein annan by, ho bur i kollektiv og er ikkje sikker på om ho vil bli lærar eller kunstnar. Det er noko skada over henne, ho saknar mora intenst, og ho tar fram minne og undersøker dei. Ho oppsøker ei synsk dame for å få svar.
Ingrid Melfald Hafredal bygger opp dei ulike stemmene meisterleg. Forsvinningshistoria byr på si eiga spenning, men i tillegg utviklar ho både Silje og Bjørn slik at den indre rakninga deira kjem meir og meir til syne. Når temperaturen blir høg nok, er det slutt på å høyre frå dei. Då står ei dirring igjen for ein svimmel lesar, som blar nysgjerrig vidare.
Ulike verdsbilde
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.