JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Deng Xiaoping frå Melhus

Ein postmoderne kommunist rekrutterer døde sosialdemokratar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Martin Tranmæl (1879–1967) var ein sentral politikar i Det Norske Arbeidarparti og i Landsorganisasjonen. Her fotografert i 1959.

Foto: Sverre A. Børretzen / Aktuell / NTB scanpix

6228
20200605
6228
20200605

Saksprosa

Mímir Kristjánsson:

Martin Tranmæls metode – da arbeiderbevegelsen nedkjempet ytre høyre og hvordan vi kan gjøre det igjen

Forlaget Manifest

Mímir Kristjánsson er ein 34 år gamal islandsk-norsk journalist (tidlegare Klassekampen), politikar (Raudt), og kjendis (Farmen) som høyrer heime på venstresida, og i alle fall ikkje på latsida: Sidan 2011 har han gjeve ut åtte bøker, om eg ikkje har rota i teljinga. Desse handlar om folk han ikkje likar: rikingar som Stray Spetalen. Men mest om folk han likar: faren, mora, Lenin, Gerhardsen og no Tranmæl.

Partiet hans, Raudt, som etter mykje debatt har stadfesta at det er eit kommunistisk parti, har røtene sine, via Raud Valallianse, i AKP (m-l). Men Mímir, for å bruka islandsk namneskikk, liknar ikkje på føregjengarane frå tidleg 70-tal, som var ei form for robotar med installert framandt språk og program. Mímir er snarare ein postmoderne kommunist, eller sosialist, som altså ikkje er slave av ei stor forteljing, men kan gå fritt inn og ut av små forteljingar.

Tur–retur Komintern

Boka inneheld fire delar: først ein kort biografi om Tranmæl fram til han vert eitt med Arbeidarpartiet utover 1920-talet. Der lærer vi om korleis Tranmæl først er ein aksjonsorientert syndikalist som trugar med ekstra dynamitt i sprengingshola og leier den radikale fagopposisjonen som får partiet inn i Komintern, men som òg får partiet ut av Komintern for å få nasjonalt sjølvstende frå Moskvatesane.

Her får vi illustrert noko av «Tranmæls metode». Medan dei gamle AKP-arane dyrka den ideologiske Mao, framstiller Mímir Tranmæl som om han skulle vera ein norsk Deng Xiaoping, ein revolusjonær som vart pragmatikar med stor makt sjølv om han var utan formelle verv. Og som sa at det spelar inga rolle kva farge katten har, så lenge han fangar mus. «Tranmæl behersket kunsten å skifte mening uten å innrømme feil. Når standpunktene skiftet, var det alltid fordi tidene skiftet, aldri fordi han hadde kommet på bedre tanker.»

Og «musene» for Tranmæl var altså ytre høgre i mellomkrigstida. For å få fram kva dette ytre høgre var, gjev Mímir, som amatørhistorikar, i andre del, ei historisk framstilling av perioden: «Mitt ærend har ikke vært å bringe fram ny historisk innsikt, men å popularisere og politisere stoffet på en måte som gjør det mulig å bruke i de krevende debattene som arbeiderbevegelsen står overfor i dag.»

Eg er ikkje mindre amatør enn Mímir, og skulle vel i utgangspunktet ha politisert annleis, men finn ikkje mykje å vera usamd med i Mímirs framstilling. At dei tyske, lite pragmatiske sosialdemokratane øydela for seg sjølve ved ikkje å følgja Tranmæls metode, kan eg skjøna. Framveksten av NSDAP, det nasjonalsosialistiske tyske arbeiderpartiet, fekk vel likevel òg hjelp av Stalins ordre om at dei tyske kommunistane skulle nedkjempa sosialdemokratane?

I ein tredje del fortel Mímir om korleis AP takk vera Tranmæls pragmatisme gjennom 30-talet endeleg kjem til makta som regjeringsparti. Her handlar det særleg om å henta inn sovjetkommunisten Colbjørnsen som økonomisk rådgjevar for å ta i bruk keynesianske metodar og utvida veljargrunnlaget til å omfatta småbønder: by og land hand i hand.

Fire lærdomar

I bokas siste del gjev Mímir grunnar for at det er likskapar mellom 1930-talet og 2000-talet, slik at Tranmæls metode kan brukast i dag òg. Det gjeld ei djup sosial og politisk krise som Mímir meiner å få auge på. Og som ytre høgre trugar med å utnytta til eigen fordel. Mot dette hentar Mímir ut fire lærdomar frå Tranmæl.

Den første lærdomen er at dagens kriser er like mykje fascismens mor no som på 30-talet. Mangel på tryggleik gjer at folk snarare går til ytre høgre enn til sosialistar, slik det er eksemplifisert av tilstrøyminga til Trump. Difor må venstresida leggja til sides ideologi for igjen å få «heile folket i arbeid.»

Den andre lærdomen er å henta inn til venstresida det arbeidande folket, det som ytre høgre har stole, slik til dømes Frp har gjort ved å lansera seg sjølv som det nye arbeidarpartiet.

Den tredje lærdomen er å la sidespørsmål liggja, slik Tranmæl nedprioriterte fråhaldsak og åtak på monarki og kyrkje. Dei vil berre generera usemje som vil spreia seg til dei store spørsmåla. Tilsvarande kan identitetsspørsmål i dag skugga for klassesolidaritet.

Den fjerde lærdomen er at ein må setja i gang hjula i samfunnet for å skaffa folk arbeid, snarare enn å fora dei med ideologi: «Drømmen om et klasseløst samfunn uten nød og utbytting kan tenne en gnist hos mange. Men noe stort bål blir det ikke uten at ideen hele tida tilføres brensel og oksygen fra konkrete politiske seire.» Her ser Mímir føre seg ei gjenoppliving av ein planøkonomisk «New Deal», som i tillegg skal vera grøn, skal vi hanskast med klimakrisa.

Nye arbeidarparti

Eg tykkjer Mímir gjer jobben sin bra, ut frå premissane sine. Men han må skjøna at det er mange, slike som meg, som undrast over fleire ting her: Vi trur jo ikkje at krisene i dag kan samanliknast med dei på 30-talet. Heller ikkje at ytre høgre i dag – om det omfattar Frp, noko Mímir kan tolkast å meina når han på side 203 lar Carl I. Hagen målbera ideologien til «’de nye arbeiderpartiene’ på ytre høyre» – kan samanliknast med mellomkrigsstrøymingar som ville utviska alle klassemotsetnader.

For meg er det undergravande for ein demokratisk debatt å plassera eit stortingsparti i eit slikt selskap. Og korleis kan han i det heile tru at han og Raudt skal kunna setja dagsordenen overfor eit AP som ikkje vil i regjering med dei? Tranmæl styrte trass alt eit parti som i motsetnad til Raudt tidleg var det dominerande opposisjonspartiet.

Noreg har dessutan ein stor middelklasse, og ikkje ein slik arbeidarklasse som Tranmæl ville appellera til. 31 prosent var i 2015 sysselsette i offentleg forvaltning. Dei mistar ikkje jobben, særleg ikkje under koronakrisa. Og så er det denne raudgrøne planøkonomiske «New Deal»: Skal det byggjast eit nytt industrimonster i Mo i Rana, denne gongen for å produsera vindmøller?

Arild Pedersen

Arild Pedersen er professor emeritus og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Mímir er ikkje slave av ei stor forteljing, men kan gå fritt inn og ut av små forteljingar.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Det vart meir enn 300 bryllaup mellom islandske kvinner og allierte soldatar og offiserar.

Foto: National Archives, Maryland

Samfunn

Den uheldige sida av «ein velsigna invasjon»

REYKJAVÍK: På Island vart det registrert meir enn 800 kvinner som hadde kontakt med engelske eller amerikanske militære under krigen. Det var kontroversielt, og mange av kvinnene vart straffa på ulikt vis.

Ottar Fyllingsnes

Kjersti Halvorsen er psykolog og forfattar.

Foto: Lina Hindrum

BokMeldingar
Ingvild Bræin

Fadesar og fasadar

Roboten blir til mens vi ror.

Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned (jf. opprykk, nedrykk), skriv Kristin Fridtun. Her tek  Ranheims Mads Reginiussen til tårene etter nedrykk i eliteseriekampen i fotball mellom Rosenborg og Ranheim på Lerkendal Stadion (3-2).

Foto: Ole Martin Wold / NTB

Ord om språkKunnskap
Kristin Fridtun

I rykk og napp

Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned.

Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.

Foto: Wildside

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Roma – ein lukka by

Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.

Dette biletet av ei jødisk jente og ein palestinsk gut er kunstig generert, men spreidd vidt i sosiale medium som eit symbol. Biletet er laga av ei gruppe som kallar seg «Visions of Peace», som stiller spørsmålet: «Om KI kan sjå for seg fred, kvifor kan ikkje vi?»

Krig i ein biletkarusell

Krig, propaganda og kunstig intelligens set dokumentarfotografiet under stadig kraftigare press. Det er krigen i Gaza eit døme på.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis