Den vedunderlege andreboka
Lars Saabye Christensens personar frå etterkrigstidas Oslo vest rører oss sterkt.
Lars Saabye Christensen er aktuell med bok nummer to i trilogien frå Fagerborg i Oslo.
Foto: Magnus Stui
Roman
Lars Saabye Christensen:
Byens spor – Maj
Cappelen Damm
I Lars Saabye Christensens Byens spor – Maj, oppfølgaren til fjorårets førstebok i ein varsla trilogi, speler Jesper framleis piano, men ved eit høve blir han plassert i eit handballmål. Han skadar handa og kan i lang tid etterpå berre spele pausesignal frå ulike land med venstrehanda. Då han kjem til legevakta etter hendinga, og har gått frå avdeling til avdeling, heiter det: «Der er det ogsa° ventetid. Ingenting i verden er øyeblikkelig lenger. Rasmussen klager: Det var bedre under krigen. Da var det ingenting a° fa°, men man fikk det i det minste øyeblikkelig.»
No er vi på midten av femtitalet, og personane har det betre økonomisk, men andre ting kan ha blitt mindre verdsette.
Munter og melankolsk
Vi møter igjen hovudpersonane frå den første boka, og dei har alle sitt å stri med. Mor til Jesper, Maj, som er enke, slit med å finne ut av korleis ho skal leve og vere: «Hun har fa°tt en brist i sinnet, en ra°te i hjertet, som sprer seg.» Jesper er blitt femten år, ein tanke rappkjefta, og går og grublar på korleis alt heng saman og korleis framtida skal bli. Kameraten Jostein, som pådrog seg hovudskadar etter å ha blitt påkøyrd av ein buss i førre bok, blir stadig rarare. Fru Vik har gifta seg og flytta, men kva er det med mannen hennar, er alt som det skal vere? No blir ho forresten stadig omtalt som «Fru Margrethe Hall, tidligere Vik», som om det var eit eigennamn. Det er eit muntert-melankolsk portrett av eit fordoms Fagerborg på Oslo vest, skriven med stor omsorg for personane forfattaren har plassert der.
Fagerborg Avdeling av Oslo Krets av Norges Røde Kors spelte ei viktig rolle i førre bok, dei hjelper også i oppfølgaren trengande personar. Men det er interessant å sjå kor hårfin linja er mellom nestekjærleik og moralsk fordømming. Kor audmjuk og skamfull over korleis ein «har stilt seg» må ein vere før ein kan få hjelp? Handlingsrommet for kvinner på femtitalet var elles på storleik med eit kott, viser Saabye Christensen gjennom Majs evige kvalar. Same kva ho gjer, blir det liksom ikkje rett for omverda.
Illusjonsbrot
Lars Saabye Christensen har mange litterære styrkar, blant dei fremste er å skape innleving hos lesaren. Vi kjem på innsida av menneska og byen og blir sterkt bevega og engasjerte. Men nesten fire hundre sider ut i romanen gjer han eit uventa grep. Jesper går den eine vegen og Jostein den andre. Her bryt forfattaren med tredjepersonsforteljinga og lanserer eit eg. Det er forfattaren sjølv som talar. Han seier at han skulle gjerne følgt etter dei begge, for å sjå kva som skjedde, men han kan berre gå i éi retning om gongen. Kva meiner lesaren, kor skal vi legge i veg?
Det er som på eit dokketeater der dokkeføraren plutseleg blir synleg. Men så er det jo slik at synleg er dokkeføraren ofte, det er publikum som vel å sjå vekk. Likeins med romanen: Vi veit at alt er iscenesett, men vel å «tru» på det som står. Det er kanskje eit vågalt brot Christensen gjer her, men eg finn det vitalt og frigjerande. Det skaper eit større spenn i romanuniverset. Ein kan innvende: Skal ein ikkje ta omsyn til lesarens trong til ikkje å bli avbroten i illusjonen? Då kan ein svare med Lars Saabye Christensen sjølv: «Hensyn er noen ganger det verste man kan ta.»
Ingvild Bræin
Ingvild Bræin er litteraturvitar og
fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det er kanskje
eit vågalt brot Christensen gjer her, men eg finn det vitalt og fri-
gjerande.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?
Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.
Foto: Agnete Brun
Når rikdom blir eit problem
Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.