Den poetiske trua
Dikta til Mona Høvring skapar nye bilete i bileta.
Mona Høvring har gjeve ut ei rekkje bøker i ulike sjangrar sidan diktdebuten i 1998.
Foto: Agnete Brun
Dikt
Mona Høvring:
Himlene glitrer
Oktober
Mona Høvring er ein poet som vekslar mellom stilleie. Og som forfattar vekslar ho mellom å skrive prosa og lyrikk. Og dikta i Himlene glitrer svingar overraskande, i stadig drift frå denne til andre verder. Ikkje minst merkar ein seg lengten i språket som forvandlar «pliktene/ til runde, blå blomster».
Ved hjelp av inventar frå eventyr, soger, bibel- og vitskapssjargong – alt saman bestanddelar i det ein kallar «verdsbilete» – fugar Høvring saman tvi- og mangetydige diktkonstellasjonar.
Eg bit meg merke i ordet «mosaikhimmel», som førekjem i eit sitat av den franske forfattaren Célia Houdart i starten av boka. I mosaikken er fugene som syner fram brotflatene, bitane, sentrale. Samanføyingane er ikkje del av biletet, anna enn at dei skapar rytmar, liner og konturar i mosaikken – som blir til nye bilete i biletet.
Forvandlingar
I botnen av dikta til Høvring verkar det som det ligg fornyings- og forvandlingssoger, eit eldgamalt litterært motiv. Mellom anna handlar det om korleis «jenta» blei til «kvinne». Korleis overgangen skjer, blir mellom anna formidla i ein draum i eit dikt, der dikt-eget ser at jenta er dødeleg og dødsmerkt. Draumen kan lesast som forvandlinga frå jente til kvinne, frå levande til død – og til levande.
Draumen blir presentert i eit kjent myteliknande bilete, der faren dreg til dødsriket med båten «som bar han over til dødsriket,/ til ei strand, til et forlist skip/ med en skjør gallionsfigur,/ og gallionsfiguren hadde mitt ansikt –/ dattera som ønska seg bort».
Ei forvandling er tragisk og inneber at noko døyr og vert forlate, slik at noko nytt oppstår. Men kva blir endra, kva er det same, kva er det som formidlar mellom delane, mellom faren, jenta og kvinna?
For jenta i diktet er det kanskje både lengten, makta, draumen og døden – og poesien. Eit tomrom kan ha fleire tydingar; mangel («som ei tom sareptakrukke»), fråvær og død er ikkje det same.
Spådomar
Frå gamalt av tydde ein og tok varsel frå stjernekonstellasjonane. Og på eit vis fungerer dikta og den «svarte glasskula» dikt-eget snur på og gløser inn i i dei 17 første dikta i boka, som nattehimlar. Når poeten kallar bolkane i boka for «Spådomar, forvandlingar», «Gåter, teorier» og «Myter, befrielser», ser ein kva former og språk dikta strekkjer seg etter, og kva som kan vere formidlingsinstansar i forvandlinga.
Det er interessant at Høvring nyttar det eventyrlege. Høvring viser at eventyret har noko grunnleggjande tragisk og sorgfullt ved seg fordi det ber med seg eit medvit om at den verda og dei samanhengane eventyra høyrde til, er borte, har gått under. I kraft av eventyret finst brot av den verda framleis føydde inn i tida vår, og kastar varsel og moralske formaningar inn i framtida.
Ja, det finst ein slags moralsk appell i fleire av dikta, ikkje ein bestemt moral, men ei haldning, ein slags poetisk moral, om det kan tenkjast. Trass i alt mørke finst det ei lys poetisk tru og håp på mennesket i Mona Høvrings dikt. Himlene glitrer er eit forsvarsskrift for mennesket og poesien.
Sindre Ekrheim
Sindre Ekrheim er lyrikar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Olav H. Hauge-dagbøkene
15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»
Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.
Foto: Michael Putland / ECM Records
Hand-i-hanske-duo
Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.
Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.
Foto: Julie Engvik
Noko for seg sjølv og noko for kvarandre
Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.
Liv Mossige (f. 1978) jobbar som lektor og skriv bokmeldingar for Dagsavisen.
Foto: Cappelen Damm
Kvasireligiøs reaksjon
Liv Mossige viser fram det amoralske hos ivrige moralistar.
Det originale grunnlovsdokumentet ligg til vanleg i stortingsarkivet. Her er det på besøk på Eidsvoll.
Foto: Berit Roald / NTB
Nynorsk, språk og skriftmål
Ofte er det vrient å dra skilje mellom språk, dialektar og språkvariantar.