JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Den forsvunne pølsemakaren

Torgrim Eggen har skrive ein suverent fortald biografi om ein mindre suveren «draumesjåande» forfattarar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
I 1959 tok Axel Jensen og kona Marianne turen frå Hellas til Oslo i samband med at han la siste hand på romanen Line.

Foto: Sverre A. Børretzen / NTB scanpix

5773
20191115
5773
20191115

Sakprosa

Torgrim Eggen:

Axel. Fra smokken til Ovnen – storyen om Axel Jensen

Cappelen Damm

Først ei tilståing: Denne meldaren er på alle vis det motsette av Axel Jensen: Keisam og borgarleg, med fast løn og bustad og utan interesse for dop, noko som kan farga denne meldinga. Men vi har eit kryssingspunkt. Då Jensen i 1948–50 gjekk på Vestheim private gymnas, skreiv han ei særoppgåve om Immanuel Kants Kritikk av den rene fornuft, ei bok eg òg har vore borti.

Noko før denne største filosofen i opplysingstida skreiv dette verket, hadde han gjeve ut ei negativ bok om «draumesjåaren» Swedenborg, ein svensk spiritualist med direkte kontakt med englar. Kants rasjonalistiske filosofi er avvisande til slike visjonar, noko Jensen ikkje har skjønt, eller brydd seg om, for ikkje lenge etter, frå 1951, er det nett slike okkulte guruar som vert leiestjernene hans.

Då vert han kjend med visjonane til G.I. Gurdjieff, P.D. Ouspenskij og J.G. Bennet, teoretikarane bak filmen The Matrix, som påstår at vi alle går rundt i ein svevntilstand. Dei høyrer heime i same klasse som teosofen madame Blavatsky og antroposofen Rudolf Steiner.

Seinare, på ein tur i Afrika, vert Jensen kjend med den styrtrike John Starr Cooke frå ein familie som eig verdas største næringsmiddelkonsern (mellom anna Dole-ananasen), og som difor slepp å arbeida, og kan finansiera «spirituelle» prosjekt i mange verdsdelar, sprita opp med bruk av alt av tilgjengeleg dop. Og ikkje minst finansierer Cooke mange av dei transkontinentale reisene den notorisk pengelause Jensen legg ut på.

Dysfunksjonell familie

Før vi får høyre om dette, vert vi gjorde kjende med den dysfunksjonelle familien til Axel: Med ein dominerande pater familias, bestefaren hans, Gamal-Axel Jensen, som etablerer Oslos største pølsemakarfirma frå slutten av 1800-talet, og med ein far, Finn Reidar, som etterfølgjande direktør, inntil firmaet vart nedlagt i 1969.

Mora var den ustabile Dagny Buchardt, som aldri kunne bu på same stad lenge, men flytta familien heile ni gonger medan dei budde i Trondheim. Diktar-Aksel skal sjølv aldri finna seg til rette med noko som liknar ein stabil bustad. Først når han vert lamma av ALS og hamnar i eit skipperhus i Kristiansand, vert det slutt på flyttinga. Heller ikkje nokon fast jobb kan han ha. Fleire gonger prøver han å verta pølsemakar, men forsvinn kvar gong – i meir enn éin forstand.

Beat-generasjonen

Det som rettferdiggjer denne over 600 sider store biografien, også for slike som meg, er at Eggen søkjer å gje eit meir generelt bilete av ein etterkrigsgenerasjon som er prega av atomtrusselen i den kalde krigen.

Jensen vert ein representant for det som vert kalla beat- eller beatnik-generasjonen. Her i Noreg særleg rekruttert frå Oslo vest, der ungdomar vert kalla silkeramp, og der jazzen fungerte som motkultur.

Dette vert snart utfordra av austkantungdomens dyrking av rock. Silkerampen Jensen likar difor ikkje Elvis, ein konflikt som vert illustrert i «Jailhouse Rock», der Elvis-karakteren treffer ei jente frå eit slikt overklassemiljø, og viser ho rockens meir dyriske side.

Men til slutt vert desse to straumdraga sameina i Woodstock 1968, der hippiar og rockarar går over i kvarandre i psykedelisk narkobruk. For så å verta erstatta av noko for oss keisame borgarar endå verre, og eigentleg like irrasjonelt, nemleg apokalyptisk maoistisk marxisme.

Slåande vert også Mao til slutt ramma av ALS, ifølgje Jensen. Jensen har heile tida vore eit upolitisk dophovud ute av takt med dei nye generasjonane, som om han aldri vert vaksen, sjølv om han noko desperat søkjer å følgja med i tida gjennom å skifta til science fiction og sosialdemokrati og Ja til EU. Denne manglande modninga er uheldig for forteljinga til biografen, ettersom det gjer ho noko einsformig.

Ut over dette handlar boka, på eit individuelt plan, om alle Jensens reiser, og om alle kvinnene han raskt går til sengs med, og om all kranglinga med dei, og om alle dopturane, og om alle fyllekulene med knusing av møblar og vindauge, og om alle forskot og lån han ikkje betalar, og om alle borna han etterlét seg utan å bry seg om dei.

Det som kunne rettferdiggjera publiseringa av akkurat dette, måtte vera at Jensen var ein stor forfattar som har skrive Ikaros, Line og Epp, og at det kunne gje bakgrunn til å skjøna dei innsiktene denne store litteraturen formidlar. Her må denne meldaren melda pass og tilstå at han er usikker på om denne føresetnaden gjeld. Men for dei som meiner det, må boka vera midt i blinken. Mange av bipersonane er dessutan kjende kulturpersonlegdomar, slik at boka òg fungerer som eit Se og Hør for litteratureliten.

Suverent

Men om eg som borgarleg bornert har ein del innvendingar mot Jensen og livet hans, har eg ingen innvendingar mot biografiforfattaren Eggen. Han kjem ikkje frå pølsemakarar, men frå ein litterær familie, sjølv om han òg har vore litt alternativ som medlem av nyveivbandet The Cut. Men i motsetnad til Jensen har han som forfattar tydelegvis vore flink til å fullføra prosjekta sine.

Jensen-biografien er den 17. boka hans sidan 1991. Denne røynsla, og dette kontrollerte talentet, har resultert i ein suveren tekst. Suveren i fleire tydingar: Språket er suverent effektivt (kven skriv betre sakprosa enn dette?) og tek hand om utruleg mange detaljerte fakta. Og samstundes er perspektivet suverent: ein smule ovanfrå, med ein lettare ironisk og av og til sarkastisk distanse.

Men, altså, kan hende perler for svin.

Arild Pedersen

Arild Pedersen er professor emeritus ved Universitetet i Oslo og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Denne røynsla, og dette kontrollerte talentet, har resultert i ein suveren tekst.

Emneknaggar

Fleire artiklar

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis