JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Då Grieg vart nasjonal institusjon og ikon

Reisebrevet frå vegen til Trollhaugen gjev oss eigentleg ikkje mykje ny kunnskap.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5453
20180525
5453
20180525

Saksprosa

Erling Dahl jr. og
Tønnes H. Gundersen:

Fra motgang til seier. Edvard Grieg i årene 1877–1885

Med 51 hittil upubliserte brev fra Grieg til Karl Hals.
Vigmostad & Bjørke

Erling Dahl jr. og Tønnes H. Gundersen har begge i lang tid vore involverte i drift og utstillingar ved Trollhaugen, og dei har generelt bidrege til å ta vare på den nasjonale institusjonen som Noregs viktigaste komponist Edvard Grieg var og er. No har dei skrive ei bok i samband med at dei, og verda, for første gong har fått tilgang til ein bunke med 51 brev frå Edvard Grieg til vennen og pianofabrikanten Karl Hals i Kristiania.

Rett nok er det ikkje mangel på Grieg-brev. Forfattarane har rekna ut, ikkje minst ut frå portorekneskapen hans, at Grieg kan ha skrive så mykje som mellom 17.000 og 20.000 brev: om lag eitt brev kvar dag dei siste femti åra. Ein del har vorte øydelagde, til dømes av vennen Frants Beyer, av di dei var for private, men mykje er tatt vare på og er tilgjengeleg. Så kvifor laga ei bok i samband med nett desse 51 breva?

Ein viktig periode

Forfattarane meiner dei er spesielt interessante av di dei dekkjer ein viktig periode i Griegs liv, nemleg perioden frå 1877, då han etter ti år i Kristiania, frustrert over dårleg mottaking, dårleg økonomi og ikkje minst kunstnarleg tørke, forlét byen, flytta til Lofthus i Hardanger og seinare Bergen, der han i 1885 flytta inn i den nybygde Trollhaugen.

Då hadde han gjennomført store konsertturnear på kontinentet, sikra økonomien gjennom kontrakt med Peters-forlaget i Leipzig og ikkje minst vorte forlikt med Nina Grieg etter at dei i ein periode hadde hatt ekteskapsproblem. Dette har gjeve namn til boka: Fra motgang til seier.

For at vi vanlege lesarar skal forstå breva, har forfattarane gjeve oss mykje bakgrunnsinformasjon. Dei fortel om korleis Karl Hals etablerte seg som dyktig pianoprodusent, men òg som konsertarrangør i Kristiania, og om korleis han på vennskapeleg vis hjelpte Grieg med å få klaver både heime og i konsertsalar.

Dei deler korrespondansen inn i to delar: Først frå 1871 til 1878, som dekkjer slutten av Kristiania-perioden og tida i Hardanger, som han seinare har eit livslangt sommarleg tilhøve til. Dei gjev ei utdjupande skildring av livet på Lofthus, og kvifor Nina ikkje var så glad over å verta isolert på ein slik stad, ho som var konsertsongarinne og glad i turnear og byliv.

Andre delen av korrespondansen dekkjer 1878–1885, perioden med oppbrot frå Lofthus og brot med Nina, og ikkje minst ei kortvarig forelsking i den yngre, Paris-buande målaren Leis Schjelderup. Dette er òg perioden då Grieg vert leiar for «Harmonien» i Bergen i to år, dreg på omfattande konsertturné i Tyskland, der han lever livet som fri kunstnar, før han vert forsona med Nina (i 1884) og får bygd Trollhaugen.

Her har forfattarane òg nokre «innskutte betraktninger» om bakgrunnen for desse hendingane, der dei særleg går inn for å visa at forelskinga i Leis Schjelderup varte kortare enn hittil trudd.

Biografisk interesse

Så er spørsmålet om kor interessante desse breva er for Grieg-forskarar og ikkje minst oss vanlege lesarar og musikkelskarar.

Breva er ofte fylte av entusiasme og sterke kjensler, både sinne og overgjevande humor. Ein får inntrykk av at dei vel så ofte berre har som føremål å oppretthalda kontakt og vennskap snarare enn å utveksla informasjon: «Du skal ikke angre Åpenhed og Ærlighet mot en venn, der tror at kunne sige, at han fortjener det. Intet av dine Breve har været et så fuldgyldigt Bevis på sandt Vennskap som just dette, derfor setter jeg det dobbelt høyt.» (Brev til Hals, 19. desember 1881.)

Slik sett har breva utvilsamt biografisk interesse, men utan å gje oss særleg mykje ny kunnskap. Som vanleg er når ein les gamle, private brev, er det som om ein tittar over skuldra på skrivaren og ser direkte inn i ei framand verd – fasinerande, særleg for oss som har slutta å skriva brev og snart ikkje har postkontor å senda dei gjennom. E-post er noka anna, særleg når det gjeld tendensen til raske og lite gjennomtenkte svar. Sein postgang har sine føremoner.

Ettersom Grieg sjølv meiner at liv og kunst ikkje kan skiljast, må vel breva òg vera av interesse for musikkforskarar? Men her er eg meir tvilande. Jau, Grieg skreiv romantisk musikk, og han skreiv kjenslefulle brev. Men det er slåande kor lite Grieg seier om eigne komposisjonar. I eit PS står det lakonisk: «Jeg har i disse Dage fullendt en Strygekvartett, i hvilken anledning vi har holdt en mindre Ferie, hvorefter jeg nu føler mig som et nytt menneske.»

Referansar i breva til sjukdomar (ei lunge og stadige mageproblem) kan likevel brukast til å forstå kvifor han strengt tatt var så lite produktiv når det gjaldt større verk. Men i Lofthus-perioden skreiv han også Vinje-songane. Sjølv om dei er små verk, vil vi aldri slutta å lyda på dei.

Debussy skal ha sagt om Grieg, kan hende noko nedlatande: «Il est peut être un petit maitre. Mais il est aussi un maitre du petit.» (Han er kan hende ein liten meister. Men han er òg ein meister med det litle.) Men Debussy var sjølv påverka av dei harmoniske progresjonane til Grieg. Og Bartok studerte a-mollkonserten på dødsleiet sitt.

Arild Pedersen

Arild Pedersen er professor emeritus og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Breva har utvilsamt biografisk interesse, men utan å gje oss særleg mykje ny kunnskap.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

St. Vincent er artistnamnet til Annie Clark.

Foto: Alex Da Corte

MusikkMeldingar

Ditt første andedrag er eit skrik

På plata All Born Screaming vender St. Vincent tilbake til, og reindyrkar, det som for mange har definert det kunstnarlege uttrykket hennar.

Øyvind Vågnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis