Bok
Då det byrja å skjera seg
Amerikansk politikk er verkeleg ille.
Det er atter primærval i USA. Det er vel ikkje så mange att i Vesten, særleg ikkje i USA, som trur at det er dei flinkaste, klokaste og mest heilstøypte menneska som stiller til val og får posisjonar. Men vi kan i det minste vona at det av og til er ein flink person som til slutt står att med det øvste embetet.
Delar av manuset til Game Change har det vorte laga film av, den delen som handlar om Sarah Palin og John McCain, men boka er delt inn i tre valkampbolkar: den demokratiske nominasjonen, den republikanske og til slutt sjølve presidentvalet. Game Change er ein såkalla moderne klassikar innanfor amerikansk politikk. John Heilemann og Mark Halperin er to dugande journalistar, måten dei fortel om galskapen på, kan vanskeleg gjerast betre. Hillary Clinton las boka i si tid. At ho trudde ho kunne vinna det neste valet etter å ha lese dette, er meg ei gåte. Endå verre er det at leiarskapen i Det demokratiske partiet i 2016 ikkje tok konsekvensen av det som skjedde i 2007–2008.
Boka har ein rettferdig vinnar: Barack Obama var betre enn dei hine. Men det gjer han ikkje meir sympatisk at han visste det frå dag éin. Folk er ei plage, valkampen er ei plage, alle andre er idiotar, var Obamas haldning, og det hadde han sjølvsagt rett i. Forfattarane framstiller Obama slik han sjølv meir eller mindre friviljug framstiller seg i sine eigne bøker: Som altfor medviten om kor flink og dugande han er. Det einaste verkeleg sympatiske trekket ved Obama var angsten han hadde for at kona skulle finna ut at han røykte, det og at han likevel alltid ville heim att til den same kona og ungane.
Men resten av feltet… Du slette tid. Amerikansk politikk handlar sjølvsagt om pengar, store pengar. Og stort sett alle som stiller til primærval, har samla inn mykje pengar. Desse pengane gjer så kandidatane i stand til å leiga inn dei beste analytikarane, dei beste meiningsmålarane og dei beste valkampleiarane. Men det denne boka syner til overmål, er at det ikkje er nok om kandidaten sjølv ikkje er flink nok.
McCain var ikkje flink
Tak McCain til dømes: Ja, han kunne litt om tryggingspolitikk, og ja, han var uavhengig og sjølvstendig i Senatet. Men han kunne lite om økonomi, lite om helse, lite om noko som helst som ikkje interessert han. Dessutan var han snarsint og lat og tok altfor store sjansar. Hjelparane hans var dyktige nok, dei, men han enda altså med å velja Sarah Palin. Om du trudde du visste at ho var kunnskapslaus, kan du berre tru om att: Du veit ikkje kor gale det stod til.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.