Bok
Churchill-historie utan historia
Ein biografi utan kontekst og samanheng kan aldri verta noko anna enn halv.
Foto: AP Photo / NTB scanpix
I handa sit eg med det som skal vera den definitive biografien om Winston Spencer Churchill. Han er på 1103 sider. Som vanleg når det kjem ein ny stor biografi om Churchill, har boka vorte omtalt i engelsk presse som «den beste nokon gong». Eg er diverre usamd.
Dei to mest kjende britiske historikarane for tida er Andrew Roberts og Niall Ferguson. Dei to er nære vener og, lyt eg vedgå, mine to favoritthistorikarar. Eg har ved fleire høve intervjua dei i Dag og Tid. Dei skriv strålande tema- og periodehistorie og vert sett på som ideologiske tvillingar. Roberts’ eine band om andre verdskrigen er det beste bandet eg har lese om krigen. Det var verkeleg nytenkjande. Han hevda til dømes at Hitlers invasjon av Noreg var eit stort feilsteg, noko eg aldri hadde tenkt på.
Ja, Churchill tabba seg ut i kampen om Noreg, som paradoksalt nok likevel gjorde han til statsminister, sidan Underhuset meinte at Chamberlain bar hovudansvaret. Men Hitler tapte på si side ein stor del av marinen, og Storbritannia fekk heile den norske handelsflåten, som svara til den samla allierte tonnasjen som dei tyske ubåtane søkkte før USA kom med på grunn av Pearl Harbor. Men det viktigaste: Dei nær 400.000 soldatane Hitler hadde i Noreg under krigen, kunne ikkje nyttast i slaget om Nord-Afrika. Hadde Tyskland vunne der, ville Storbritannia fått avkutta mykje av oljeimporten. Slik tenkjer ein god historikar.
Nærlesing
Men Roberts og Ferguson skriv diverre ikkje berre temahistorie. Dei skriv òg biografiar, og dei gjer eit felles mistak som eg har vondt for å forstå: Dei gjev nesten ikkje historisk samanheng i biografiane, dei driv bortimot berre nærlesing av subjektet dei skriv om. Men historie utan kontekst er ikkje faghistorie, det er journalistikk og portrettering. Det er nærast som dei seier at av di dei skriv temahistorie i andre bøker, kan dei ignorera samfunn og samanheng når dei skriv biografiar. Det gjorde Ferguson i Rotschild-bøkene, og han gjer det no når han skriv om Kissinger. Roberts gjorde det då han skreiv den store Napoleon-biografien, og gjer det også i Walking with Destiny.
Tak det enorme økonomiske hjelpeprogrammet som Roosevelt gav Storbritannia under andre verdskrigen. Det skapte store sår mellom USA og Storbritannia. Det britiske etablissementet var rasande over at det tok så lang tid før hjelpa kom, men det var ein god grunn til at det tok så lang tid: Storbritannia hadde store investeringar, særleg i koloniane og mykje i USA, dei hadde i tillegg gull. Det meinte Roosevelt og amerikanarane, mykje med rette, at Storbritannia hadde skaffa seg gjennom å vera ei kolonimakt. Roosevelt kunne ikkje gjeva økonomisk hjelp til Storbritannia, på grunn av den innanrikspolitiske situasjonen i USA, før britane hadde likvidert så godt som alt dei åtte i utlandet, og nytta det til kjøp av amerikansk utstyr. Roosevelt tvinga Storbritannia til eit brannsal, og kven var det som kjøpte? Det var mykje rike amerikanarar, sidan britane trong amerikanske dollar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.