Bra minus
Bjørn Arild Ersland flyttar Tusten til byen. Der er han like hjelpelaus.
Bjørn Arild Ersland har skrive godt over 30 bøker.
Foto: Tommy Ellingsen / Cappelen Damm
Roman
Bjørn Arild Ersland:
Hårfagre
Pelikanen Forlag
Bjørn Arild Ersland har snart skrive like mange bøker som han sjølv er gammal; han er 52 år, årets bok er nummer 35 eller der omkring, og med tanke på at han debuterte i 1999, snakkar ein om hektisk aktivitet. Og kvaliteten har halde til prisar og nominasjonar i fleng innanfor barne- og ungdomslitteratur.
Som vaksenbokforfattar er han heilt fersk, men Store hendelser i liten skala (2016) og årets Hårfagre viser at han også akslar eit større format der kravet til heilskap i språk, form og innhald kan vere strengare både i forlagsredaksjonane og ute blant kritikarane.
Heimekjær
Forteljaren Kristian er ein vaksen mann på 48 år som framleis er eit barn, knytt til foreldra med så sterke band at han ofrar sitt eige liv for å tekkast dei to som har gitt han livet. Han har alltid budd heime hos foreldra, og når mora dør, er det han og faren som må fylle tilværet med noko meiningsfullt.
I studietida skreiv Kristian ei hovudfagsoppgåve kring nasjonsbygging i lys av gatenamn i ein bydel i Kristiania, tufta på Harald Hårfagres samling av Noreg. Denne altoppslukande interessa for vikingtida har han arva frå faren, og det spørst om det er Kristian eller faren som har æra for lektorgraden han oppnår og jobben i vidaregåande, som gir inntekt, men ingen sosial relasjon; han har ikkje relasjonar til andre enn foreldra. Når faren kollapsar og endar på sjukeheim, søker han permisjon for å stelle han heime på ubestemt tid.
I slekt med Tusten
Kristian er ein slektning av Tusten hos Vesaas. Han har sine sære interesser og si eiga forståing av omverda. Han er like asosial og aseksuell som Tusten, og når faren brått døyr, får han store problem med å realitetsorientere seg.
Om han blir innlagt, om han vender tilbake til skoleverket, om han vel å avslutte livet i solidaritet med foreldra, er eit heilt ope spørsmål i ein roman som ikkje er dårleg, men som manglar ei djupare menneskeskildring som kan underbyggje lesarens sympati og forståing for ein mann utan eigenskapar.
Oddmund Hagen
Oddmund Hagen er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Hårfagre viser at han også akslar eit større format.
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Å forveksla aggressor med forsvarar
«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»
Den nyfødde kalven.
Foto: Hilde Lussand Selheim
Ei ny Ameline er fødd
Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.