Bøkene de må lesa
Jakta etter det unikt menneskelege er eit feilspor, og Richard Dawkins og Steven Pinker har mistydd fullstendig.
Frans de Waal, her fotografert i 1991, det året han vart professor ved Emory University i Atlanta i USA.
Foto: Erik S. Lassar / AP Photo / NTB scanpix
Lytt til artikkelen:
Sakprosa
Frans de Waal:
Mama’s Last Hug: Animal Emotions and What They Tell Us about Ourselves
Are We Smart Enough to Know How Smart Animals Are?
W. W. Norton & Company
Frans de Waal er nestoren i internasjonal primatologi og truleg ein av dei fyrste som såg at Donald Trump kom til å vinne det republikanske primærvalet suverent og deretter truleg verta president. Nederlendaren de Waal høyrer helst ikkje på kva menneske seier; han ser på mykje av talen vår som lygn. Han ser på korleis vi oppfører oss. I dei fyrste fjernsynsdebattane såg han ein suveren alfahann som totalt dominerte dei andre hannane. Trump var ikkje underdanig på ein flekk. Dei andre, derimot… Trump var i sitt rette element, fryda seg og viste at han var sjefen. Ikkje eitt sekund av tvil. Inga nøling.
Frustrert alfahann
Mot Hillary Clinton, derimot, såg de Waal ein frustrert alfahann. Donald Trump kunne ikkje gå etter strupen hennar, han kunne ikkje håna henne for manglande manndom. Han gjekk uroleg omkring, ein alfahann kan ikkje gå etter ei hoe. Han er der for å verna hoene. Svaret vart å håna henne gjennom Bill Clinton. Det var han Trump gjekk til åtak på, mellom anna gjennom å syna fram elskarinnene hans i salen. Ikkje av di det var feil av Bill å ha mange damer, men av di andre damer kunne mislika Hillary. Som Hillary vedgjekk om opplevingane: «Det er det mest motbydeleg eg har vore utsett for.»
Når de Waal fortel om dette, skundar han seg å skriva at Trump på ingen måtar er arketypen av ein alfahann. Ja, dei kan likna Trump, men som regel er alfahannen den beste politikaren, den som skapar alliansar og held seg inne med dei gamle hoene. Ein alfahann som skal vara, må syna både omsut og omtanke. Men Trump hadde den typiske framferda til dei mest aggressive alfahannane under open konkurranse. Trump-poenget til de Waal er at omgjevnadane straks forstår kven som er alfa.
I den fyrste sjimpansekolonien heime i Nederland som de Waal arbeidde i, var direktøren sjeldan å sjå ute av kontoret. Han gav aldri sjimpansane mat, han hadde aldri direkte kontakt med dei. Men om lag ein gong i veka kom han ut, såg seg rundt og gav nokre ordrar om å få fiksa dette, rydda her og der og så vidare. Straks han kom til syne utanfor gjerda, kom apene med smiskelydar og underdanige rop. Direktøren hadde autoritet som ingen annan, og det var alle sjimpansar klar over heilt frå dei var bitte små. Sjimpansane såg seg sjølve i menneska.
Kollega av Barth
Frans de Waal har vore professor ved Emory i Atlanta sidan 1991, før han i fjor haust vart 70 år og avvikla den store apekolonien han hadde hatt der. I Atlanta var han dei fyrste åra kollega med den norske sosialantropologen Fredrik Barth. Det var han som rådde meg til å lesa de Waal, som han meinte hadde den beste forståinga for kva vi primatar er for noko. Det er vanskeleg å vera usamd.
Eg har valt å melda dei to siste bøkene hans i eitt, Mama’s Last Hug kom no i vår, intelligensboka Are We Smart Enough to Know How Smart Animals Are? for to år sidan. Grunnleggjande sett handlar dei som det same: de Waal har frigjort seg frå all behaviorisme (at særleg dyr berre er impulsreaksjon) og dekonstruksjon (at det meste er flytande kategoriar). Aper, ja, nesten alle dyr og fuglar, har emosjonar, rolleforståing og intelligens. Dette har folk flest i alle år forstått betre enn moderne akademikarar.
Darwin forstod det de Waal forstår, at mennesket ikkje er unikt, at mennesket ikkje har ei klar og tydeleg grense mot aper, men at skilnaden mellom menneske og dyr er eit kontinuum, eit samanhengande heile. For mange har gløymt dette. Det er berre mennesket som nyttar reiskapar? Tull og tøv, det finst ei mengd døme på at aper og andre dyr nyttar reiskapar. Planlegging? Kva slags vås er det? Leiaren i orangutangflokken ropar til dei andre over tretoppane kvar kveld når dei skal stå opp, og kva retning dei skal neste dag. Hjelper seg sjølv framfor andre? I valet mellom å hjelpa seg sjølv åleine, eller seg sjølv pluss ein partnar, er valet seg sjølv og ein partnar. Vi har felles utspring.
Slutt med egoisme!
Det er mange de Waal er irritert på. Men særleg irriterer han seg over økonomar som ikkje vil forstå kor grunnleggjande sosiale og rettvise vi er. Ein konkret person han er særleg irritert på, er Harvard-psykologen Steven Pinker, som gong på gong påstår at vi menneske er grunnleggjande valdelege, men vert haldne i sjakk av eit stadig meir finmaska nett av sivilisasjon og kultur.
Ok, de Waal trur at språk er unikt for oss menneske. Men det filosofane og prestane har lært oss, at moral er det som skil oss frå andre dyr, er ei så grunnleggjande mistyding at ein formeleg høyrer raseriet når han skriv om det. Ein han misliker nesten like mykje som Pinker, er Richard Dawkins og tesen hans om «det egoistiske genet»: Dawkins kan umogleg ha lese Darwins altfor lenge gløymde bok The Expression of the Emotions in Man and Animals. Ein mann som bruker Darwin mot Dawkins, går det ikkje an å mislika. No veit de kva det skal lesa i sumar.
Jon Hustad
Jon Hustad er journalist i
Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Særleg irriterer Fraans de Waal seg over økonomar.
Fleire artiklar
Mina Hadjian saman med Rune.
Foto: Norsk Filmdistribusjon
Von for verstingar
Dokumentaren til Kari Anne Moe er ei kjærleikserklæring til Mina Hadjian og fengselsfuglar.
Rapartist og skodespelar Benedicte Izabell Ekeland imponerer i monologen om Cassandra.
Foto: Stig Håvard Dirdal / Rogaland Teater
Ordflaum om meininga med livet
Måten rapartist Benedicte Izabell Ekeland framfører ein lang monolog på ei naken teaterscene på, er imponerande. Men kva snakkar ho om i nesten ein time?
L’arpa festante blei grunnlagt i München i 1983.
Foto: Günter Ludwig
Frankofil elan
L’arpa festante spelar best der det går fort.