Bokas magi
Jørn H. Sværens verk er sobert og imponerande rikt på tyding.
Jørn H. Sværen underviser på forfattarskular i Norden, gjendiktar utanlandsk poesi og skriv eksperimentell poesi og litteratur.
Foto: Vidar M.S. Husby
Dikt og andre tekstar
Jørn H. Sværen:
Britisk museum
Kolon forlag
Boka Britisk museum består av ei rekkje tidlegare utgitte mikrobøker som har kome på Jørn H. Sværens eige forlag, England forlag. Britisk museum presenterer tilsynelatande ei ueinsarta vifte av tekstar, her er både dikt, fotografi, brev og meir essayistiske tekstar. Boka er ikkje utstyrt med ei sjangernemning, kanskje fordi ho overskrid alle sjangrar, der berre permane i gul kartong markerer yttersidene og grensene for tekst- og biletuniverset. Det er nett som papirboka sjølv vert betrakta som ein eigen sjanger.
Essayistisk
Dei essayistiske tekstane handlar mellom anna om heraldikk, om metallbrett som beskyttar ikonmåleria og om svarte sørgjesider i bøker. Her finst også eit brev som set søkjelyset på brevskrivinga og peikar på at boka kan betraktast som eit brev til lesaren. Brevet zoomar brått inn på avstanden mellom brevteksten og signaturen, eit kvitt felt på arket som ikkje er utan tyding: «En hertug som skriver til en husmann, signerer umiddelbart under siste setning. En husmann som skriver til en hertug, signerer så langt nede på arket som mulig, som en krypende hund».
Mellom desse essayliknande tekstane er diktliner vovne inn, korte dikt, berre éi line, men med ei ekspanderande biletkraft: «et håndtak i form av en springende hjort». Ofte står dikta også i eit høve til essaytekstane, for det finst fleire sambandsliner, slik det også gjer mellom fotografia, dikta og essaytekstane.
Fleire plan
At Britisk museum er eit mixtum compositum av eit tekstunivers, vert forsvart av siste ledd i tittelen, museum. Ordet kjem frå gresk, museion, og tyder «tempel for musene» eller «ein stad for dei som dyrkar vitskapane». For Sværen er denne staden den fysiske boka. Papirboka vert nærmast til ein fetisj, eit magisk objekt, trass i den nokså sobre stilen både i dikta og essaytekstane.
Det er eit magisk skjer over trykkekunsten og lesekunsten, der ein kunne spreie eit fysisk objekt som deretter kunne avkodast. På eit museum kan ein finne ueinsarta objekt stilte ut side om side. Ordensprinsippet er ikkje gitt av verda gjenstandane stammar frå, men av funna som er gjorde. Slik fungerer også Britisk museum, der tydingane faldar seg vent ut på fleire plan.
Sindre Ekrheim
Sindre Ekrheim er lyrikar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Mellom desse essayliknande tekstane er diktliner vovne inn, korte dikt, med ei ekspanderande biletkraft.
Fleire artiklar
Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).
Foto: Terje Pedersen / NTB
Kva er alternativet til EØS-medlemskap?
Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.
Foto: Privat
Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid
«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»
Sofi Oksanen er av dei forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.
Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons
Vald mot kvinner som våpen
Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.
For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.
Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa
Verda ifølgje Orbán
BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.
Gjengkrim – ein varsla katastrofe
Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.