Bok

Autisten mot finansverda

Det er mykje som er gale med finansverda. Flash Crash fortel ein del av soga.

Navinder Singh Sarao forlèt retten i London i november 2016.
Navinder Singh Sarao forlèt retten i London i november 2016.
Publisert

Du sit ein dag og funderer på å kjøpa ein del aksjar. Til slutt finn du ut at du skal kjøpa. Om du kjøper nok, går prisen opp etter at du har kjøpt. Men tenk deg om ein ser føre seg at du skal kjøpa, og nett før du trykkjer på kjøpsknappen, legg han, ja, det er som regel ein han, inn ein kjøpsordre. Idet kjøpet ditt er stadfesta, har du betalt meir enn du skulle, nokon har teke ein del av fortenesta di. Fyren har sete framføre ei maskin heile dagen og har ei eller anna evne til å lukta kvar marknaden skal gå. Straks du har kjøpt, sel han igjen. Han har henta ein liten eller stor vinst alt etter kor mykje du kjøpte for. Slik held Navinder Singh Sarao på.

Men tenk om det er endå ein aktør på marknaden: ein algoritme som har så rask fiber og ligg så nær børsen at han ser at du har lagt inn kjøpsordre, og kjøper før deg, slik at du får mindre profitt, medan eigaren av algoritmen, som har kjøpt seg tilgang til raskare fiber av den same børsen, får meir. Ja, dette siste er faktisk lovleg. Og det såg Nav, som Sarao vert kalla, seg galen på.

Eit geni

Nav Sarao er eit matematisk geni, utan altfor god utdanning, som byrja i eit lite tradingfirma og vart særs god i det han heldt på med. Han hadde ei utruleg evne til å sjå trendar. Og han tente mykje – så mykje at han meinte firmaet tente for mykje på han. Han hadde aldri flytta ut av guterommet heime hjå dei indiske foreldra i London, og no flytta han inn permanent – heile dagen. Men han såg seg stadig meir rasande på desse algoritmane med tilgang til tidleg informasjon som stal profitt han meinte tilhøyrde han. Han laga eit program som hadde ei merkeleg evne til å manipulera marknaden. Programmet la inn ei rekkje falske kjøp- og salsordrar som vart avlyste i siste nanosekund.

Ein dag krasja verdas finansmarknad. I 2010 gjekk Dow Jones ned meir enn han nokon gong hadde gjort på 114 år, og det på fem minutt. Nokre av verdas største firma vart nesten ikkje verde noko. Sarao hadde lagt inn ordrar for milliardar av dollar, ordrar han visste at programmet kom til å avlysa etter at han hatt fått marknaden til å gå i den retninga han ville. Så ropte mor han ned til middag. Då han slo av PC-en, krasja alt. Sarao hadde skulda; i det minste hevda den amerikanske påtalemakta det, etter at dei i fleire år meinte at hendinga berre var utruleg uflaks.

Utlevert

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement