Bok

Apokalypse no?

Gaute M. Sortland skriv knakande godt om noko du knapt tør å lese om.

Gaute M. Sortland frå Haugesund vart kalla ein særdeles lovande debutant i 2009. Han har ein mastergrad i nordisk litteraturvitskap og bur no i Oslo.
Gaute M. Sortland frå Haugesund vart kalla ein særdeles lovande debutant i 2009. Han har ein mastergrad i nordisk litteraturvitskap og bur no i Oslo.
Publisert

Frykta for at kloden skal bukke under av klimarasering, er no oppgradert til ein reell diagnose på angstkartet. Særleg blant unge menneske. Dei som er ramma av dette, kan bla om til ei tryggare bokmelding. Novellene i Gaute M. Sortlands Avsporingar krinsar nemleg om apokalypsen og kva som skjer med ulike menneske i møte med ein tenkt eller faktisk katastrofe.

Postapokalyptisk sveis

Det kan vere snakk om atomkrig, klimasamanbrot, meteorittar eller vulkanutbrot – utan at dette er nemnt anna enn som teoriar. Undergangen ligg der berre som premiss for tekstane.

Korleis tenker «prepparane», dei som bunkrar mat og utstyr og ATV-ar? Om ein forfattar veit at til hausten skal det skje noko grufullt med kloden, er det vits i å skrive ferdig boka då? Kva skal han tenke om frisøren som set alt inn på overleve, fordi han då blir den einaste frisøren og kan drive butikk igjen? Mange som har overlevd ein apokalypse, vil jo gjerne vere fine på håret.

Kva tenker småbarnsfaren om plutseleg sjukdom i familien? Er det håp for den eldre faren som ikkje har sett dottera si på tretti år, når han ikkje klarer å konsentrere seg om noko anna enn seg sjølv i den augneblinken ho står i døra?

Om ein blir invitert til ein sexorgie i jordas siste dagar, bør ein ta imot eller flykte? Kva gjer ein om alt rundt ein ligg i oske, og ein berre oppdagar eitt anna levande menneske og ein hund?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement