JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Alt om mennesket

I Behave summerer kanskje verdas fremste primatforskar kva det er som formar oss. Boka er god, men forfattaren tyt for mykje.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4556
20190517
4556
20190517

Sakprosa

Robert
Sapolsky:

Behave: The Biology of Humans at Our Best and Worst

Penguin, New York 2017

Bør du lese Behave? Ja, denne boka vert ståande. Du finn ikkje noko betre om den menneskelege biologien og naturen enn Behave. Kjem du til å ha berre glede av henne? Nei. Sjølv om boka er på 800 sider, verkar det som om ho er skriven i eitt og med lite ettertanke.

Ja, det er skilnad på menn og kvinner, og ja, IQ er viktig, genar òg. Vi er preprogramerte, og miljøet formar oss frå dag éin, og det er det i grunnen lite å gjera med, skriv Robert Sapolsky.

Men sånn midt ute i boka kjem dette, og det er på ingen måte utypisk. Sapolsky vil så gjerne vera god: Amerikanarane har den såkalla SAT-testen, som i praksis er ein kombinert IQ- og kunnskapstest som du tek før du søkjer på college. I 1983 var det elleve gutar per éi jente som makta det høgste nivået i matematikk. Ja, seier Sapolsky, det er kjønnsskilnader på guter og jenter i rekning, og ja, det har truleg med hormon å gjera. Om du gjev nokon tilskot av testosteron, går faktisk evna til å rekna opp.

Norden

Men så vil Sapolsky på ny hamra inn det som er hovudbodskapen: at genar og hormon stort sett alltid er i samspel med miljøet. Han dreg oss med til Norden og fortel at der har jentene på Island betre matteresultat enn gutane. Dette, fortel han, er ein funksjon av likestilling, som vi i Norden er best på. Og motsett: Di mindre likestilling, di betre gjer gutane det i matematikk.

Problemet er berre at han snakkar om to ulike ting. Den fyrste delen handlar om den lange halen: Dei ekstreme på kvar side av skalaen er alltid gutar. Dei med høgst IQ er gutar, dei med lægst IQ er gutar. Og ja, det har nok noko med testosteron å gjera, som han sjølv skriv mykje om. Men det andre han snakkar om, oss i Norden, handlar om gjennomsnitt. Det er gjennomsnittsjenta som no har vorte betre i matematikk, ikkje ekstremjenta. Denne skilnaden må då Sapolsky forstå, eg har faktisk sendt han e-post og spurt, men har diverre ikkje fått svar.

Fantastisk forskar

Likevel er Robert Sapolsky, som er professor ved Standford og primatforskar, den vitskapsmannen eg ovundrar mest. Ingen nolevande har gjeve oss større innsikt i kor skadeleg negativt stress er. Tak dette med IQ og kognitive evner. «Alle», anten dei vedgår det eller ei, veit at det handlar om arv og genar. Vel, ikkje heilt, fortel Sapolsky. Om du ser på dei som tener best i USA, og dimed kan gje ungane ein problemfri oppvekst, er opp til 70 prosent av IQ-en resultat av genane du har fått av mor og far. Ser du derimot på dei som tener minst i USA, er så lite som 10 prosent av IQ-en eit resultat av genar.

Korleis kan dette ha seg? Stress og fattigdom. Noko av det fyrste vi menneske får med oss, er kvar vi står samanlikna med andre. Vi ser at vi har langt mindre enn andre, og vi vert straks stressa. Om vi opplever vald, vert vi òg stressa. Om vi ser vald, vert vi stressa. Og barn i dei fattigaste familiane opplever mykje vald, av di foreldra konstant er stressa av dei manglande pengane, som igjen gjer at dei tyr til rus og vald. Permanent stress er øydeleggjande for hjernen. Står vi lågt på rangstigen, sender binyrene heile tida ut kortisol. Hjernen lærer oss å vera permanent hjelpelause.

Om alt

Boka til Sapolsky er om alt menneskeleg: politikk, antropologi, krig, fred, landbruk, ja, alt, og korleis alt påverkar hjernen og helsa vår. I meir enn 30 år har Sapolsky store delar av tida budd i Kenya og arbeidd med ville aper. Han har synt kva stress gjer med hjernen og blodet til aper, funn som mykje lèt seg reprodusera hjå menneska, og som mykje botnar i arv.

Hovudbodskapen i boka er at genar har mykje å seia, men at miljø avgjer. I grunnen skriv Sapolsky at vi ikkje har fri vilje og at vi vart øydelagde då vi byrja med landbruk. Likevel insisterer han på at vi skal vera optimistar og at vi kan verta betre menneske. Dette er sjølvsagt heilt tøvete sjølvmotseiande, og han vedgår det i grunnen sjølv ved å seia rett ut at han ikkje greier å leva som om han ikkje har ein fri vilje.

Men han kan likevel ikkje lata vera å hevda at vi ikkje har fri vilje, og det samstundes som han er like politisk som Audun Lysbakken. Amerikanske universitetsprofessorar snakkar – som indianarane ein gong sa om bleik­andlet – ut av båe munnvikar.

Jon Hustad

Jon Hustad er journalist i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Ingen nolevande har gjeve oss større innsikt i kor skadeleg negativt stress er.

Emneknaggar

Fleire artiklar

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis