Bok

Å vende tilbake etter katastrofen

En varig lengsel er ei lysande diktbok.

Steinar Opstad fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris då den første diktsamlinga kom ut i 1996.
Steinar Opstad fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris då den første diktsamlinga kom ut i 1996.
Publisert

I En varig lengsel rører Steinar Opstad seg i motiv og tematikkar som på eit vis er godt etablerte i poesien hans, men han vidareutviklar, revurderer og fornyar dei i stor grad også. Opstad skriv på eit personleg stoff som også sprengjer seg fram til det allmenne.

Gjennom dei tre avdelingane, «Det sønnede», «Lyn» og «Rød frelse» møter lesaren Opstads særeigne og fascinerande bilet- og språkføring. Her finn ein den patosfylte, høgstemde, nesten profetiske røysta der restar av eit bibelsk-religiøst vokabular bryt fram og sirkulerer.

Attkjenneleg

At motiv og biletspråk er attkjenneleg, er kanskje ikkje så rart. I En varig lengsel søkjer Oppstad seg attende, heim, til røtene. Men det er ein tilbakekomst som er umogleg, iallfall som gjentaking. Framhaldet er brote. I «Lyn»-delen høyrer me om ein fysisk svekt og dødssjuk far, men her finst også bilete av større og omfattande katastrofar. I eit prosadikt er det heilt tydeleg Tsjernobyl poeten skriv om: «Å se verden som gjennom et tap er å finne den igjen.» Det verkar som om ei fortrengd og gløymd verd, barndoms- og heimeverda, brått har vorte synleg att gjennom ulykka og nauda.

Farens død kastar også skuggar framover, mot den moglege utslettinga og undergangen og korleis ein møter framtidsverdas lagnad. Slik får dikt med ein økokritisk horisont plass i boka. Og somme dikt bekymrar seg om kva diktet har å bidra med: «Kan dikt skrives for verdens frelse?/ Nei, og likevel må vi dikte». Korleis kan ein forbinde denne verda med ei verd som har gått til grunne? Det er gjennom sprekka mellom før og etter at tida kjem inn i verda og vert påtrengande, også i poetens eige liv. Og løysinga, det som skal forbinde verdene som har skilt seg frå kvarandre, er den raude frelsa, kjærleiken.

Mange tema

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement