Bok
1931 vart vendepunktet
Tyskarane ville ikkje betala krigserstatninga. Men det forklarer ikkje den uansvarlege finanspolitikken Weimarrepublikken førte.
Riksdagen fotografert 12.mars 1925.
Foto: O.Ang. / Bundesarchiv
Var krigserstatninga som Tyskland vart pålagd i Versailles for stor? Det vanlege svaret er «ja». Men det kjem an på augo som ser. Då Bismarck lokka Frankrike til å gå til åtak på Tyskland i 1870, og Moltke den eldre knekte all motstand, måtte Frankrike gå med på å betala ei like store erstatning, målt etter BNP, som den samla erstatninga Tyskland vart pålagd etter fyrste verdskrigen. Frankrike betalte alt. Dei offentlege utgiftene vart haldne nede, og Frankrike samla opp gull gjennom å gå med store overskot på betalingsbalansen. Gullet vart så sendt til Tyskland, som gjekk gjennom ein investeringsboom som ikkje stod tilbake for den Kina har gått gjennom dei siste 30 åra. Molkte synte seg å vera eit av dei mest lønsame menneska i verdssoga.
Tyskland betalte derimot lite av krigserstatninga, og etter andre verdskrigen påla USA alle dei andre allierte å stryka det meste av tysk skuld.
Tobias Straumann er ein sveitsisk historikar som i mange år har skrive om gjelds- og finanskrisene i mellomkrigstida. I 1931: Debt, Crisis, and the Rise of Hitler summerer han opp det han har lært, og han konsentrerer seg særleg om 1931, då dei tyske bankane kollapsa, og Hitler verkeleg byrja å vinna vala. Boka er ei klassisk forteljing om finanskriser og betalingsunderskot. Boka er god, men heller ikkje her sit eg att med ei kjensle av å forstå kvifor Tyskland enda opp med nazibarbariet, og kvifor Weimarrepublikken var så elendig på økonomistyring.
Stoda var grei i 1919
Om vi ser på realøkonomien, var Tyskland i 1919 i ein nokså god økonomisk situasjon. Målt etter innbyggjarar var det ingen andre land som hadde ein så stor kapasitet for industriproduksjon og eksport. Krigen hadde gått føre seg på utanlandsk jord. Ja, mange hadde døydd, men analfabetismen var utrydda og dei tyske universiteta verdsleiande. Den store inflasjonen mellom 1921 og 1923 kunne til dømes ha vore unngått om regjeringa hadde late vera å driva med store underskot på budsjetta, og sentralbanken hadde gjennomført ei pengereform som den Tyskland gjennomførte etter andre verdskrigen. Inflasjonen var heilt føreseieleg, men dei tyske partia og den tyske sentralbanken lét han henda.
Når Tyskland så gjennomførte ei pengereform i 1923, og garanterte rentemarken med gull, forsvann inflasjonen. I åra etter kom den tyske eksportmaskina i gang for fullt. Kva gjorde så politikarane? Dei byrja å taka opp hemningslaust med lån i utlandet, særleg i amerikanske dollar. Alt i 1925 var den tyske offentlege skulda i kortsiktige lån like stor som den samla krigserstatninga, som skulle betalast over generasjonar. Regjeringa i Berlin var på ingen måte åleine om å taka opp kortsiktige internasjonale lån. Delstatane og kommunane stod òg etter Weimar-lovverket fritt til å taka opp lån, og det gjorde dei.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.