JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

🎧 Apokalypse no

Om då Listhaug (og Trump) leia KrF ut i freistinga.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
6123
20190816
6123
20190816

Lytt til artikkelen:

Sakprosa

Helge Simonnes:

Kampen om korset i politikken

Vigmostad Bjørke

Helge Simonnes er ein tidlegare redaktør i Vårt Land. Etter 25 år der, og noko tid som styreleiar i Dagsavisen, er han no vorten ein slags omreisande lekpreikande – han er ikkje teolog, men siviløkonom – foredragshaldar som òg skriv bøker. I 2016 kom En Gud for de mange. 12 teser om hvordan kirken skal vinne folket tilbake. Der søkjer han å visa korleis den «åndelege» retorikken til dei bedehustruande aukar avstanden til dei som ikkje går i kyrkja. Målet er å reversera avkristninga av Noreg. Årets bok tyder på at Simonnes har mista trua på at det lar seg gjera. Dei vonde kreftene er for sterke. Ja, det er beint fram noko apokalyptisk over denne boka: Når far står mot son, og mor mot dotter, og når partiet til dei kristne vert splitta, då er det vel dei siste tider? Sjølv om Simonnes er motstandar av slikt åndeleg drøs, må vita.

Som ein skjønar: Årets bok handlar om den store skakinga som råka KrF i 2018, då leiar Hareide freista å få med seg disiplane sine på ei radikal omvending, noko ein skulle tru var vanleg i slike krinsar. Men som vi veit: Dette vart inga vellukka vekking. KrF gjekk ikkje til venstre, men vart med i Solberg-regjeringa.

Høgrepopulisme

No skulle ein tru at intern usemje i eit miniparti på sperregrensa er av mindre interesse sett i ein større samanheng. Men slik er det ikkje for Simonnes. Gjennom mikroskopet hans vert dette til noko stort nettopp av di det heng saman med den store samanhengen: «I Kampen om korset i politikken vil jeg beskrive hvordan et av de store ideologiske oppgjør i norsk politikk artet seg. Jeg er av den mening at disse feidene ikke bare kan knyttes opp til norsk politikk. Det store bakteppet er fremveksten av høyrepopulismen i verden, ikke bare i USA og Sør- Amerika, men også i Europa.»

For å få fram denne samanhengen har boka fått ei noko usamanhengande journalistisk form: Ho vekslar mellom kapittel som er reportasjar frå politiske møte, kaffisamtalar med politikarar, analysar av trendar i inn- og utland og sosialantropologiske observasjonar frå reiser kringom i det kristne Noreg (Rogaland). Det siste kallar Simonnes ein safari, som eigentleg berre tyder reise (swahili og arabisk), meedan Vebjørn Selbekk, Simonnes’ ideologiske motstykke, impliserer nedlatande at han reiser for å sjå på merkelege dyr. Men det merkelege er i auget til den som ser.

Simonnes insisterer likevel på at auga hans er journalistisk nøytrale. Han er ikkje medlem av KrF, og var det heller ikkje då han var redaktør for det andre såg på som KrFs partiavis. Så i framstillinga av splittinga i KrF meiner han å få fram både det gode og det vonde hos båe partane: at høgresida i KrF altfor lett lét seg freista av løfte om endring i abortlova, medan Hareide var taktisk dårleg ved å vera for brå, og utan å ha samtalt med alle sidene i partiet. Eliten i partiet har mista kontakt med fotfolket, det som kallast kristenfolket og som trivst best i bedehuset snarare enn på høgmesse i byane.

Slange i paradis

Men det er grenser for denne nøytraliteten. Bibelen er heller ikkje nøytral: Der er det både ein slange og ein Judas. Og i Simonnes’ verd er det ei Listhaug og ein Trump. Saman står dei for den doble synda som er høgrepopulisme og bruk av kristendom som eit politisk instrument. Særleg får Listhaug ei skremmande rolle i dette dramaet. Ja, så mykje at ein kan lura på om ikkje Simonnes har vorte nevrotisk opphengd i henne. Av dei 270 sidene i boka vert Listhaug omtalt grundig på 61, altså nesten fjerdeparten av boka, medan Trump får 59. Rett nok får Hareide 112, men ingen andre er i nærleiken av Listhaug og Trump. Den nye leiaren Ropstad får berre 26.

Som ein slange i KrF-paradiset freistar Listhaug dei bedehusfolka som er konservativt redde for at den jødisk-kristne kulturtradisjonen skal utviskast av sekulariseringa, hjelpt av liberale kvinnelege biskopar, for så å verta erstatta av innvandrande muslimar. Listhaug står difor bak både KrFs nedgang på gallup og splittinga som førte til Hareides fall. Det som særleg freistar hos Listhaug, er at ho, lik amerikanske evangeliske TV-pastorar, trur at Gud aktivt grip inn i denne verda og hjelper dei gode mot dei vonde: «Alt skjer av en grunn», seier ho, medan Simonnes roser den tidlegare gatepresten, no biskop Veiteberg, av di ho ikkje takkar Gud for den herskapelege bustaden på beste Sørenga, men sine eigne kapitalistiske investeringar.

Sekularisering

Eg ser ikkje heilt at Simonnes går inn på den alternative hypotesen: at vi lenge før Listhaug har hatt gåande ein generell sekulariseringsprosess som har isolert og desimert det puritanske bedehusfolket. Vinmonopol og dans har vorte vanleg. Eg er òg noko undrande til at det skal vera so merkeleg som kristen å bruka ein retorikk der ein ser ein samanheng mellom det som skjer i vår verd og ei åndeleg verd. Simonnes ser ut til å meina at det berre er Hareide-fløya som ikkje brukar kristendom som politisk reiskap. Men den store elefanten i partigruppa er jo sjølve namnet på partiet: Kvifor heiter det «kristeleg» om det ikkje impliserer at partiet byggjer på verdiar som er laga av Gud sjølv? Skilnaden mellom dei to fløyene er snarare at den konservative fløya er meir open om sambandet sitt til Gud, medan den liberale fløya er meir indirekte: Når dei fordømer Listhaug og innvandringsmotstandarar, gjer dei det frå ein like absolutt kristeleg ståstad, berre at han no er innpakka i etikk, det som Listhaug kallar godskapstyranni.

Den største mangelen med boka er at ho ikkje inneheld nokre sensasjonelle avsløringar, slike som kan promotera henne under lanseringa. Det er ikkje mykje Simonnes har fått ut av kaffisamtalane sine, berre at Olaug Bollestad svima av på badet av svevnløyse under den verste konflikten. Alkohol kunne ha losna betre på tungebandet.

Arild Pedersen

Arild Pedersen er professor emeritus ved Universitetet i Oslo og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Simonnes ser ut til å meina at det berre er Hareide-fløya som ikkje brukar kristendom som politisk reiskap.

Emneknaggar

Fleire artiklar

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis