Film
Blomar i sprekkene
Dokumentarfilmen om Billie Holiday er ikkje eit glansbilete, og bra er det.
Jazzsongar Billie Holiday fotografert på klubben Downbeat i New York i februar 1947.
Foto: Michael Ochs Archives / Getty Images / NTB
Lady Day levde hardt dei 44 år ho fekk. Den unge songfuglen frå Baltimore gjennomgjekk ein epoke i historia prega av mangel på grenser – rusmiddel, rasisme og sexisme flaut fritt i USA medan Billie Holiday bergtok publikum i alle leirar.
Ueinsarta
Regissør James Erskine har valt eit interessant grep som ramme for ein elles ganske lineær og streit dokumentarfilm. På slutten av syttitalet arbeidde journalist Linda Kuehl med ein biografi om Holiday (eller Eleanora Fagan, som ho eigentleg heitte). Då Kuehl brått døydde, etterlét ho seg haugar med lydopptak der ho intervjuar folk som stod Holiday nær: musikarar, familie og vener.
Kuehls nærast naive tilnærming til intervjuobjekta gjer at dei slappar av, og dei deler viljug vekk både eitt og hitt. Dei har totalt motstridande oppfatningar av ymse hendingar, og karakteristikkane av Holiday sprikar i alle retningar. Akkurat det er frigjerande å sjå på.
Ein del dokumentarfilmar om førebiletlege utøvarar av kva det måtte vera, har ein tendens til å verta noko blankskurte, det er berre plass til éin versjon. Billie Holiday framstår som samansett og komplisert, på godt og vondt, akkurat slik dei aller fleste menneske er, og kanskje spesielt eit menneske med ein bakgrunn som hennar.
Fruktene
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.