Bok

Blodets spådommar

Med utgangspunkt i ein fivreldforma kjertel skapar den danske poeten Mette Moestrup stor dikting.

Diktaren Mette Moestrup tek utgangs­­punkt i eigen stoffskiftesjukdom.
Publisert Sist oppdatert

Den danske diktaren Mette Moestrup debuterte med diktboka Tatoveringer i 1998 og fekk gjennombrot med Golden delicious (2002). Butterfly Nebula av i år er nominert til Nordisk råds litteraturpris. I Butterfly Nebula er den fivreldforma skjoldbruskkjertelen, kjertelen som styrer stoffskiftet, gjennomgangsfigur.

I sju år har Moestrup hatt Hashimotos sjukdom, ein stoffskiftesjukdom som rammer kvinner i høgare grad enn menn. Det diktariske programmet til poeten er inkje mindre enn: «å metabolisere/ informasjon om metabolismen/ til poetisk praksis».

Og for ein poetisk praksis ein vert vitne til.

Involverer lesaren

I dei sju avdelingane finst dikt med eit høgst variert uttrykk. Det svingar mellom tekstar med rituell, hymnisk, instruktiv, elegisk og odeaktig karakter. Alle syng dei om korleis stoffskifteprosessane forplantar seg i universet, i alt levande. Slik også fivreldforma, på ulikt vis, faldar seg ut i verselinene, i dikta, i grafiske mønster og i spelet mellom raud og svart skrift.

Poeten går ikkje av vegen for å nytte utanompoetiske tekstgrep: Her finst fjorten quizspørsmål lesaren kan kvesse seg på. Er det sant at Leonardo da Vinci var den første til å teikne skjoldbruskkjertelens anatomi og sjølv leid av stoffskiftesjukdom? Vel, fasiten finst bak i boka. Dette er ein av dei mangfelte måtane Moestrups dikt direkte involverer lesaren på.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement