Bladmann med blikk for bøker
SKJEMA. Konrad Nerheim dreiv Norsk skjemaforlag og var styremedlem i både Varde Forlag og Norsk Bokreidingslag.
Foto: Norsk Allkunnebok / Nynorsk kultursentrum
Varde Forlag i Bergen blei skipa i fredsglede hausten 1945. Den største suksessen var forteljinga om motstandsmannen som baud okkupasjonsmakta inn til ein komedie på liv og død.
Saman med kona Inger dreiv Konrad Nerheim handelsskule, først i Molde, så i Bergen. Den tyske okkupasjonen sende han straks inn i farleg arbeid. Saman med andre gav han ut fleire illegale blad i store opplag. Dette motstandsarbeidet skildra han i Komedie med Gestapo. I muntert alvor fortalde han korleis han i tre år lurte politi og lege ved å spele mentalt sjuk, og litt om livet som flyktning i Sverige frå april 1944 til juni 1945.
Det var ein røynd publisist og organisator som etablerte forlaget. Agnar Skeidsvoll (1900–63) frå Tresfjord i Romsdal var bankmann i 4 år og pressemann i 31 år. Skeidsvoll var journalist i Gula Tidend 1922–28, redaktør i Firda Folkeblad i Florø 1928–34 og redaktør i Gula Tidend frå 1934 til styret og han stoppa avisa 10. april 1940.
Etter krig og okkupasjon heldt Skeidsvoll fram i Gula, først som disponent i avisa og Boktrykk 1946–48, så redaktør for andre gong frå 1948 til han hadde slite seg ut hausten 1953. Då var det også slutt for forleggjaren. Etter åtte eigne bøker fullførte han likevel Bygdebok for Tresfjord i 1959.
Skeidsvoll var ein del av det nynorske publisistmiljøet i Bergen, og fleire av forfattarane hans høyrde til der. Bøkene var få, men særmerkte. Det opna godt med fem bøker i fleire opplag hausten 1945, men så blei det raskt glissent på boklistene.
Ingvald Dale og Konrad Nerheim stod for bruksboka Minnedagar i 1949. Der fann den seinare Dagbladet-
journalisten Einar Christensen eit dikt av seg sjølv, omskrive til i-mål. Ikkje var han spurd heller. Nerheim hadde misforstått eit brev og meinte elles at målfolk burde rekne i- og a-mål som jamstilte former.
Varde gav også ut ei slektstavle som var å få kjøpt så seint som i 1961. Denne marknadsførte forlaget mellom anna som klassesett til skular. I fleire år kjøpte kommunane store mengder av slektstavla.
Forlagssjefen og redaktøren var på gudstenester i ulike trussamfunn. Det han høyrde i preikene, blei noko så sjeldan som preikekritikk. Artiklane i Gula Tidend samla han i boka Kyrkja og sektene i søkjeljoset i 1951. Siste boka var Den pantsette øyi av Ruth Alvsen i 1952. Dette særprentet frå Gula romma ei reiseskildring frå Shetland same våren.
Året etter skulle forlaget gi ut eit verk av lensmannsbetjent Johs. Revheim med tusen biografiar om lensmenn. Ein stad i det mylderet stoppa alt opp. Også Varde Forlag høyrer altså med i litteraturhistoria om bøkene som aldri kom ut.
Ottar Grepstad
Neste gong: Bokhuset i Blusuvollsbakken
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.
Foto: Thomas Lohnes / NTB
Paven midt imot
Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.
Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.
Foto: Heiko Junge / NTB
Jordskjelvet
Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.
Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.
Foto: Heiko Junge / NTB
Moralske kvalar
Å leggje restriksjonar på abort, er ein måte å anerkjenne menneskeverdet på, seier Morten Magelssen i abortutvalet. Han tok dissens.
Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.
Foto: Paul Kleiven / NTB
Villrein i eit villnis
Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.
Edvard Munch: «Dagen derpå» (1894).
Nasjonalmuseet
Bakrus
Verst er plagene utpå morgonkvisten når promillen ligg kring null.