Teater
Bilete frå ei nær fortid
Tekstane er ujamne, men musikalsk er Heim på topp.
Sigrid Moldestad (t.v.) er ei berande kraft i framsyninga, meiner Jan H. Landro. Vidare ser vi Morten Svartveit, Kjærsti Odden Skjeldal og Hadle Reisæter.
Foto: Andreas Roksvåg / Hordaland Teater
Andre del av Hordaland Teaters vestlandskrønike dekkjer tiårsperioden frå kvinneåret 1975 til etterverknadene av Alexander Kielland-tragedien og eit stykke kommunal korrupsjon. Dei tjue frittståande tablåa hentar fram tendensar, stemningar og akutte situasjonar, som då 123 menneske gjekk ned med havaristen Alexander Kielland. Eller på den positive sida: då Sogndal spelte cupfinale i 1976. At vinnaren, Brann, knapt er nemnd i innslaget, som avslører den sjølvopptekne pratmakaren utan evne til å lytte, gjer det berre endå betre.
Scenane er attkjennande, alle som ein, men somme manglar dette ekstra som skal lyfte dei frå attkjenning til noko meir. Eit høgdepunkt er Frode Gryttens «Nattope», om han – fint presentert av Claus Sellevold – som er ute og køyrer om natta, ei flukt frå noko det knapt finst flukt frå.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.