Berre deprimerande

Ingenting er heilagt for Donald Trump, ikkje eingong USAs felles kunnskapsbase.

Amerikansk landbruk går gjennom ein ny produktivitetsrevolusjon. Bøndene kan også forsikra seg for ein billig penge mot vêret.
Amerikansk landbruk går gjennom ein ny produktivitetsrevolusjon. Bøndene kan også forsikra seg for ein billig penge mot vêret.
Publisert


The Fifth Risk er ei av dei fælaste bøkene eg har lese. Ja, sjølvsagt finst det verre skildringar av både krig, folkemord og svolt, men det som vert skildra i denne boka, går føre seg her og no. Det er eit systematisk åtak på kunnskap og offentleg infrastruktur som så godt som ingen såg føre seg berre for eit par år attende.

Boka handlar mellom anna om dei smått utrulege databasane som den amerikanske regjeringa har bygd opp i regi av nokre av verdas mest kunnskapsrike personar. Ei heil horv av menneske har samla kunnskap og informasjon, ofte utan å vita kvifor, ofte utan eit klart mål, men samla har dei gjort. I alle år har friviljuge henta inn vêrobservasjonar, satellittar og fly har teke infraraude bilete, bønder har sendt inn jordprøver, og informasjonen har vorte lagra. Til kva bruk? Til vêrmeldingar, sjølvsagt.

Men infraraude bilete og jordprøver frå 26 millionar jordlappar og marker, kva trong skulle USA ha til det? Vel, ein ung kar frå Silicon Valley starta eit firma som bad regjeringa om denne informasjonen, som firmaet fekk gratis og kopla saman. No går amerikansk landbruk gjennom ein ny produktivitetsrevolusjon, og bøndene kan også, takka vera samankoplinga, forsikra seg for ein billig penge mot vêret.

Sel vêrmeldingar dyrt

Barry Lee Myers er eller var leiar av AccuWeather, eit privat vêrmeldingsselskap som sel vêrmeldingar dyrt til slikt som alpinanlegg. I alle år har han prøvt å hindra det skattefinansierte National Weather Service å koma med eigne vêrmeldingar og konkurrera med AccuWeather. Den amerikanske vêrmeldinga ligg under National Oceanic and Atmospheric Administration (NOAA), som samlar inn store mengder informasjon om amerikansk vêr; vi snakkar om 20 terabytes per dag. NOAA er truleg USAs viktigaste antiterrororganisasjon, om vi seier at ekstremvêr kan vera terror. Kvart år bergar dei mange amerikanarar frå flaum og orkan.

AccuWeather får all sin informasjon om vêrdata frå NOAA. Myers vil at NOAA og den amerikanske vêrmeldinga ikkje skal dela ut denne informasjon gratis til ålmenta. President Donald Trump har utnemnt Myers til leiar for NOAA, og Det republikanske partiet i Senatet har godkjent han. Han byrjar truleg i slutten av denne månaden, to år etter at han skulle ha byrja.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement