Teater

Berre delvis vellykka

Nok ei «klassikarfornying» som vil meir enn ho maktar.

Frode Bjorøy og Kamilla Grønli Hartvig på scena.
Frode Bjorøy og Kamilla Grønli Hartvig på scena.
Publisert

Historia om bondeguten Rasmus Berg, som reiser til hovudstaden og kjem heim att som den forlesne Erasmus Montanus, er meir enn rein komedie. Når Christian Lollike, dansk teaters påståtte enfant terrible, gjer Rasmus (Frode Bjorøy) så til dei grader arrogant og nedlatande, er det vanskeleg å sjå noko tragisk i fallet hans. Men lærdomstragedien er intakt også etter at Lollike har fått herje med teksten, og kanskje tydelegare enn før lyftar oppsetjinga fram noko som er meir relevant i dag – sanningsfundamentalismen og korleis stadig pukking på nye sanningar kan fjerne ein frå folk.

Norsk verdidebatt

Lollike har altså teke for seg Holbergs tekst og både stroke og fritt dikta til. På det viset har han også fått inn den norske verdidebatten, som politikarar som Sylvi Listhaug og Linda Hofstad Helleland dyrkar med like dosar entusiasme og sneversyn. For der Holberg nøydde seg med å la hovudpersonen framføre den «umoglege» påstanden om at jorda er rund, lèt Lollike sin Erasmus også påstå at Noreg ikkje er ein kristen nasjon, verdiane vi held oss med er henta – ikkje frå Bibelen, men frå opplysingstida. Diverre er dette gjort på lettvint og uelegant vis. Holberg hadde nok klart det langt betre, vil eg tru. Då er harpinga på språkteori frå slutten av førre hundreåret meir vellykka.

Men kva for verdiar held bondesonen frå Berg seg med? Han vil gjerne gifte seg med Lisbeth (Kamilla Grønli Hartvig) og påstår at han elskar henne. Men viktigare er kva medstudentane i Christiania (ikkje København, Lollike har med vekslande hell «fornorska» ei oppsetjing frå Aarhus Teater) vil tenkje om han avsver sanninga om at jorda er rund. Og aller viktigast er hans eige velvære. Berre trugsmålet om å måtte gå i krigen får han nølande til å bøye hovud.

Klasseperspektiv

Det uekte – dermed også det usanne – går gjennom heile framsyninga. Alle dei medverkande, med unnatak for Rasmus/Erasmus, er maskerte og beveger seg ekstremt stilisert som automatar, omgivnadene er fantasilaust gråe (som trua på at det vi alltid har visst, alltid vil vere rett), Per Degn (Bjørn Willberg Andersen) er like falsk som han alltid har vore, og scenografien er laga av papp.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement