Bergquist er rett og slett ein fin poet
Dikta kan karakteriserast som snakkande, drivne fram av ei røyst lesaren etter kvart vert fortruleg med.
Kristian Bergquist har skrive sju diktsamlingar og ein roman.
Foto: Pernille Marie Walvik
Kristian Bergquist har etablert seg som ein lyrikar som skriv direkte og tilforlateleg. Og slik som i hans niande diktbok, Alt du er trengs her, krinsar dikta ofte om noko som slett ikkje er enkelt, nemleg eit einsamt, formørka og eksistensielt fortvila eg – som synest å halde seg oppe ved å formulere seg om situasjonen, eller ved å mane fram lengten etter forelskinga, kjærleiken: den andre.
I Alt du er trengs her er det brotet med ein kjærast og sjølvmordet som eksistensiell moglegheit og sosialt faktum, som synest å vere i fokus. På omslaget er det trykt eit dikt som fint fungerer som eit innlegg i den pågåande debatt om sjølvmordet: «jeg tenker at/ et selvmord/ ikke skjer ut/ av det blå/ men ut/ av det svarte».
Dikta bevegar seg i eit kontrastfylt kjenslelandskap, frå det matrande og sjølvdestruktive til lengten ut, mot verda og kjærleiken. Eit paradoks finst i Bergquists poesi fordi dikta ofte skildrar eit malplassert og inneslutta eg, men gjer det på ein svært så lun og omgjengeleg måte.
Dette kan karakteriserast som snakkande dikt, dei er haldne saman og drivne fram av ei røyst lesaren etter kvart vert fortruleg med. Slik lærer lesaren også å kjenne universet eget omgir seg med: skogen, hytta, hjorten, foreldra, den føretrekte musikken, men også livsinnstillinga og den enkle, poengterte stilen til den ævelege outsideren: «skjønner at jeg nok er/ et ordensmenneske/ og hver ting/ har sin plass/ men ofte/ vet jeg ikke/ hvor jeg skal gjøre av meg».
Bergquist ser, heilt i tråd med den opne og sjølvborande poesien han skriv, ingen fare ved å snakke ope om sjølvmordet. Sjølvmordet er ikkje ein eintydig storleik i Bergquists poesi. Som ei språkleg utforsking kan neiet til livet betraktast som motstand mot det konforme, optimistiske og smilande livet i reklamen og på sosiale medium. Like fullt kan sjølvmordet hos Bergquist også uttrykkje ei omfamning av livet og verda. Ved å skyve alt som finst til det ytste, halde det opp mot avgrunnen, vert det til ei jamføring mellom det som finst og ikkje finst.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.