Belgørria

Føler du for ein kjedeleg versjon av Downton Abbey, er Belgravia kanskje serien for deg.

Serieskaparane bak Downton Abbey har laga eit nytt kostymedrama.
Serieskaparane bak Downton Abbey har laga eit nytt kostymedrama.
Publisert

Vi er i London i fyrste halvdel av attenhundretalet. Herr og fru Trenchard (Glenister og Greig) lever på halvnåde i aristokratiske krinsar, som den nyrike forretningsmannen han er.

Dotter deira og son til hertugparet Brockenhurst dannar upassande band, og dermed har du det gåande, med herskap, tenarar og alt som høyrer med.

Tynn

Eit par artige vriar gjer at Belgravia kunne fungert som meir enn berre eit kostymedrama: det at ein får innblikk i korleis det er ikkje å vera fødd inn i velstanden, og korleis sosieteten då tek imot ein, og at godt vaksne damer dominerer skjermen framfor unge, yndige debutantar.

Utover dette slit eg med å finna dei positive vinklingane. Visst er det påkosta, og visst er det pent. Det er trass alt skaparane bak Downton Abbey som får svinga fjørpennen igjen, og då skortar det ikkje på budsjett. Likevel er ideen bak så tynn som musselin. Det blir heller ikkje tid til å få særleg anna enn overflatisk kjennskap til hovudpersonane, inkludert den obligatoriske tenaravdelinga i kjellaren. Kva er då vitsen?

Gjesp

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement