Bok
Banesår
Gudmund Skjeldal er tidvis sjangervaklande, men skriv svært godt om utøvarar og aktørar som får draumar knust på idrettens kamparenaer.
Gudmund Skjeldal har skrive fleire bøker, men debuterer no som skjønnlitterær forfattar.
Foto: Ellen Lande Gossner
Paul er ein lovande tennisspelar. Han har sin eigen sponsor i milliardæren frå Bygdøy, Celine Kaltenborn, som huser sin eigen tennisbane, han har boksarlegenda Edgar Martens som trenar, og i opninga av romanen har han overraskande fått innpass i Stockholm Open.
Men snart skal han oppdage at den edle sporten er prega av rotenskap, med veddemål, kampfiksing og pengesterke folk som ikkje har til hensikt å verne om fair play.
Gudmund Skjeldal er historikar ved Noregs idrettshøgskule, tidlegare skiløpar og forfattar av 13 bøker før Dobbeltspel, som er hans første roman. Her plasserer han 21-årige Paul, som verkar naiv og utrent i livet (men ikkje i sporten), rett inn i løvehola, og rullar opp ein industri som er sjokkerande for ein som aldri har sett sine bein i ein racket, som Øystein Sunde syng i «Kjekt å ha».
Ruud, Mikkelsplass og Svan
«Something is rotten in the state of Denmark», heiter det hos ein annan skald, Shakespeare, men i romanen er rotenskapen fordelt på fleire land, og særleg finst spark til Sverige og svenskane, noko som kan sjåast på som ein slags satire.
Sidan dette er ein roman, må vi ikkje ta for god fisk alt som skjer, sjølv om her florerer med autentiske namn som Casper Ruud (den norske helten), Pål Gunnar Mikkelsplass (den gåverike trenaren), Gunde Svan (den galne svensken) – men det er grunn til å tru at det i denne særs idrettskunnige romanen finst ein del brutale sanningar. Boka kjennest som ein slags tennissportens Exit, TV-serien med dei poshe bøllene.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.