Bada i raudt
På den tiande plata si har Trampled By Turtles fått med seg Jeff Tweedy.
Trampled By Turtles har gjeve ut ti album.
Foto: Zoe Prinds-Flash
Folk
Trampled By Turtles:
Alpenglow
Banjodad / Thirty Tigers / Border
Du veit når du høyrer eit band og straks tenkjer: Wow, denne gjengen må eg høyre på ei scene. Slik er det for min del med Trampled by Turtles, som med sin livlege miks av bluegrass, folk og americana lèt til å levere vital strengeleik så snart dei kjem saman for å spele i lag – som dei gjorde då dei laga det dagsferske albumet Alpenglow.
Du veit den raudfargen du ser på himmelen når sola står opp eller går ned? På engelsk er naturfenomenet kjent som alpenglow. Tittelen passar på fleire måtar, ikkje berre for gløden han rommar, men også fordi han peikar mot eit tvitydig grenseland, ei stemning der lyset anten forsvinn eller kjem.
Endring
I dette rommet av endring finn vi fleire av stemningane på Alpenglow, som i opningssporet «It’s So Hard To Hold On», som sender tankane mine til band som The Avett Brothers og The Felice Brothers – i songar som dette bur det tusen måndagsmorgonar med sine kaffikoppar, for dette er ein type populærmusikk som er forankra i kvardagen: «Steady now, it’s a long way, some days just won’t go.»
Låtskrivar og frontmann Dave Simonett har skrive det meste også denne gongen, med unntak av «A Lifetime to Change», ein låt komponert av ingen ringare enn produsent Jeff Tweedy (Wilco). Alpenglow vart til på den måten at dei to sette seg i ein ring saman med Erik Berry (mandolin), Ryan Young (fele), Dave Carroll (banjo), Tim Saxhaug (bass) og Eamonn McLain (cello) og spelte dei nye songane saman og fann ut korleis plata skulle verte. Så enkelt, og likevel så verknadsfullt, for slik må det vere med materiale som dette.
Ny start
Til liks med folk som Tweedy, Avett-brørne og Felice-brørne er Simonett ein leiken og kreativ ordsmed, som på hæla-i-taket-nummeret «Burlesque Desert Window». For lesarar som no lurer på kor høg bluegrassfaktoren er på Alpenglow, ta ein lytt til det herlege banjospelet på «All the Good Times Are Gone» – instrumentet definerer drivet i songen, er den eine ingrediensen han ikkje kunne ha klart seg utan.
Eg likar røysta til Simonett – ho passar perfekt til ein song som «Starting Over», der orda får noko jordnært og upretensiøst over seg, og dermed også tilfører songen ein eigen autentisitet, når det først skal dreie seg om ein ny start. Og kanskje er det nett dette Alpenglow representerer, ein ny start – sjølv om dette faktisk er den tiande plata frå Minnesota-bandet Trampled by Turtles, og det har gått snart tjue år sidan dei fann saman.
Øyvind Vågnes
Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.
Foto: Per Anders Todal
Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha
Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Er overvaking prisen vi må betale for eit trygt samfunn?
Foto: The Right Frame Media / Shutterstock
E-tenesta ser deg
Kor langt kan E-tenesta gå i å overvake den elektroniske kommunikasjonen vår? Det får vi kanskje svar på denne våren.
Frå markeringa av den internasjonale kvinnedagen i Oslo sentrum.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Bollestad sprer myter og faktafeil
Vi må skille mellom hva som skal løses av abortloven, og hva som skal løses andre steder.
Den såkalla hysjpengesaka mot Donald Trump er inne i andre veke i retten i New York.
Illustrasjon: Jane Rosenberg / Reuters
Høgt spel i New York
Straffesaka som no går føre seg mot Trump, er den han har størst sjanse til å verte frikjend i. Og vert han det, kan saka òg gje han fleire veljarar, seier kommentator Jan Arild Snoen.