Bok
Avstemd krise
Av og til tyder «triviallitteratur» berre at litteraturen er triviell.
Audur Ava Ólafsdóttir, som er utdanna kunsthistorikar frå Sorbonne i Paris, er ein av dei mest kjende forfattarane på Island.
Foto: Anton Brink
Det kan nok vere livsomveltande å vere kona til ein mann som etter elleve år flyttar for å vere saman med ein mann. Når ein i tillegg bli oppsøkt av far sin som ein aldri har møtt, og uventa arvar eigedom, skulle ein tru det var meir enn nok til å få hakeslepp. Men i Audur Ava Ólafsdóttirs Svaner blir ikke skilt verkar sjølv dette trivielt.
Forfattaren er ein kritikarrost lesaryndling, og ho har mottatt fleire prisar, blant desse Nordisk råds litteraturpris for 2018. Kva er det som gjer at årets roman ikkje snakkar til meg? Dels kjem det av mangelen på konflikt. Maria og mannen Flóki har ikkje eitt problem i verda, dei snakkar godt saman og har eit utmerkt sexliv. Når han forlét henne for ein mann, verkar det dermed uforståeleg, ja, kanskje unødvendig. Sjølv tar ho brotet med stoisk ro. Det vil seie: Ho hevdar at ho er på randa av eit samanbrot, men ho framstår som ei som kan brette opp ermene og finne nye krefter når som helst.
Er det fordi alt er så vanleg, at Ólafsdóttir må gjere nabokona Perla til kortvaksen, matvrak, terapeut og ghostwriter av krimromanar? Må ho bere alt spektakulært i romanen? Og/eller er det grunnen til at kvart kapittel begynner med store bokstavar sett opp som i eit dikt (utan å ha lyriske kvalitetar)?
NÅR DE ER
GÅTT,
BEGYNNER JEG
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.