Musikk
Attende til utgangspunktet
Det sprudlar av samspelet til Significant Time.
Significant Time består av Øyvind Dale, Fredrik Luhr Dietrichson, Raymond S. Lavik og Signe Irene Time.
Foto: Jan Tore Eriksen
Kvartetten Significant Time platedebuterte i 2016 med Regnbueponniens significante påskesang med Hayden Powell og André Roligheten som gjester.
Ida Løvli Hidle og Marius Klovning var gjester på Vossastubbar (2023), tingingsverket som blei urframført på Vossa Jazz i 2017. På Ekstatisk eufori er det kvartettformatet som gjeld heile vegen.
Øyvind Dale fekk Kurt Johannesens kunstbok Øyvind og Øyvindplanen, og det trigga han til å gå i gang med komponeringa. Ikkje nok med det, Dale har også skrive tekst til tre av dei ti låtane. På denne plata ynskte kvartetten å gå attende til det uttrykket som prega bandet i den første fasen.
Musikken er frisk og leiken i dei improviserte partia, men ein høyrer samstundes at kvartetten har mange års fartstid. Her er løysingar i arrangementa og ensemblespelet som vitnar om mogning.
Øyvind Dale og Signe Irene Time er dei dominerande solistane med fleire minnerike ytringar, mellom anna på «Nichols and Dimes», men alle får prøva seg.
Likevel er den kollektive leiken spesielt spanande å følgja, og er den kanskje sterkaste sida ved plata. «Heisenberg» er eit glitrande døme.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.