Bok
Arena for dramatikk og spenning
Ein loppemarknad er eit godt fenomen å dreie ein roman omkring. Her møtest folk med dei mest ulike ynske, og det oppstår ikkje sjeldan dramatiske situasjonar.
Blod på bakken er det første som møter oss i romanen Pent porselen, jamvel om dette er den første romanen for vaksne Randi Fuglehaug har skrive som ikkje er ein krim. Men ho har skrive tre krimbøker, og saman med Anne Gunn Halvorsen har ho òg skrive fleire bøker for ungdom. Ei av dei, Arvingen, er filmatisert av Netflix.
Det tek litt tid å bli skikkeleg oppteken av karakterane i boka Pent porselen, men etter kvart grip det, og mot slutten er det mange brikker som fell på plass. Ein av dei med ein skikkeleg salutt.
Ein loppemarknad er eit felles punkt i livet til folka me møter. I starten verkar det ikkje som dei har mykje med einannan å gjere. Dei lever svært ulike liv, og eg lurer på om det Randi Fuglehaug vil, er å fortelje meg nokre parallelle historier – om lag som når ein sit på trikken og fabulerer over kva for lagnader ein sit der saman med.
Berit, Iselin og Sarah
Me møter Berit, ein pensjonert, litt pertentleg lærar – som tydelegvis har det vanskeleg. Ho har mista sambuaren sin og lever altfor rolege dagar. Ho «saknar noko å rekke».
Sarah er ambulansesjåfør som oppdagar at ho er gravid. Ho er i eit skjørt forhold til David, og ho er redd for korleis han vil takle det å skulle bli far.
Så har me Iselin og Martin, eit par der frustrasjon og resignasjon har senka seg som ei tåke. Iselin lever i tidsklemma og strevar med å levere på krav om alt som blir forventa i samband med loppemarknaden til korpset.
Kvardagslege
Eit godt stykke ut i romanen har eg fått litt kjennskap til korleis dei lever, desse tre familiane. Det er mykje trivielt daglegliv – både det tomme livet til Berit, ambulansesjåførens rutineprega omgang med folk i naud og det tragiske stresset som Iselin kjenner på. Det er levande skildra, til dels med høg temperatur. Men historiene grip ikkje verkeleg tak. Dei er for banale, kvardagslege. Eg sit og lurer på kvifor Fuglehaug vil fortelje dette.
Verdien av henne ligg ikkje minst i skildringane av dei ulike utfordringane folka i boka står overfor.
Svaret på kvifor
Svaret kjem. Dei lagnadene og handlingane som blir skissa opp, får sakte men sikkert ei forklaring. Det gjer dei meir interessante, slik det jo faktisk er med dei fleste lagnader. Det me ser i det daglege av folk me møter, er som det vesle stykket is over havoverflata – me veit at det løyner seg eit berg under. Det er berget som er spennande. Og ved å få vite meir om bakgrunnen for at folk er slik dei er, får ein utvida perspektiva på sitt eige liv. Noko kjenner ein seg att i, anna er meir gåtefullt, men ikkje mindre interessant av den grunn.
Alt heng saman
Men det er tydelegvis meir enn dette som er forfattaren sitt mål med romanen. Den måten historiene til dei ulike personane snører seg saman på mot slutten, er i overkant kunstig samanlikna med realismen i det meste elles i boka, men som ei fullføring av eit komplett plott og eit hint til det faktum at me ofte oppdagar overraskande samantreff mellom folk i vår vesle verd, gjer det nytten.
Moral
Men den fikse slutten gjer det uansett ikkje i seg sjølv verdt å lese boka. Verdien av henne ligg ikkje minst i skildringane av dei ulike utfordringane folka i boka står overfor, og som lesarar visseleg kan kjenne seg att i. Det er underhaldande. Og ynskjer ein å sjå eit bodskap i dette, er det heller ikkje vanskeleg å finne. Her er mange problem som oppstår fordi folk ikkje vågar eller orkar å vere ærlege, men heller gjer som Peer i møte med Bøygen: går utanom. I kjølvatnet av slik manøvrering er det rom for litt av kvart. Men god kommunikasjon og samkjensle blir det ikkje.
Sidan Randi Fuglehaug er fast skribent i Dag og Tid, blir romanen meld av ein ekstern bokmeldar.