Bok

Anne Frank i Drammen

Kristian Klausen gir oss både eit interessant tankeeksperiment og fornya litteratur.

Kristian Klausen debuterte som forfattar i 2008 med ei novellesamling.
Kristian Klausen debuterte som forfattar i 2008 med ei novellesamling.
Publisert Sist oppdatert

Lytt til artikkelen:

I ei bok eg skreiv om æresbustaden Grotten i Slottsparken, leika historieprofessor Odd Arvid Storsveen seg med tanken på kva som kunne ha skjedd om Henrik Wergeland ikkje hadde døydd i 1845 i ein alder av 37 år: For det første kunne han triumfert då jødeparagrafen blei fjerna i 1851, eit utfall han skulle ha mykje av æra for. For det andre ville han kanskje blitt forsona med Welhaven, dei kunne ha feira 60-årsdagen sin saman og skåla, vel forlikte, og så ville Ibsen og Bjørnson måtta ta eit oppgjer med det, fabulerte Storsveen.

Skjerpa lesing

Det er ikkje ein oppsiktsvekkande tanke at om ikkje ting hadde skjedd slik dei gjorde, ja, så ville gangen i historia blitt ein annan. Om ein derimot skriv tanken ut i romanform, kan denne kontrafaktiske litteraturen tilby andre rammer å sjå ei kjent historie i, eller nye historier å sjå føre seg innanfor kjente rammer. Med romanen Anne F gjer Kristian Klausen begge delar. Vi kjenner sjølvsagt tysk-jødiske Anne Frank, som skreiv dagbøker under andre verdskrigen, medan ho og familien levde i skjul på eit loft i Amsterdam – det er verdslitteratur, i utbreiing. Men vi har ikkje blitt kjente med den Anne Frank som gjennomlevde det same i Drammen.

Å skrive kontrafaktisk inneber eit tankeeksperiment og kan spenne mellom alt frå kvalifisert gjetting til fri dikting. I dette tilfellet fører dei nye omgivnadene til Anne Frank – i alle fall for denne lesaren – til at vi ser både jødeforfølginga og Drammen i eit nytt lys, og til ei skjerpa lesing av den originale historia. Eg blir meir merksam på ting eg veit om frå før, dessutan på hendingar Klausen diktar inn. Det er sterkt å følge Otto Frank, Annes far, frå loftet til Auschwitz og tilbake til Drammen som einaste overlevande i familien, men det er også sterkt å sjå han som førkrigs-kioskeigar i Konnerudgata. Det blir ikkje meir trivielt og lokalt enn det, og kontrasten til det som sidan skal ramme han, blir om mogleg endå større.

Fine sekvensar

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement