Andinsk avskil
Boliviansk drama er lågmælt, høgaktuelt og glitrande.
Clever (Santos Choque) prøver å overtale bestefaren Virginio (José Calcina) og bestemora Sisa (Louisa Quispe) til å flytte frå garden langt oppe i Andesfjella.
Foto: Fidalgo Filmdistribusjon
Drama
Regi: Alejandro
Loayza Grisi
Utama – vårt hjem
Med: José Calcina, Luisa Quispe, Santos Choque
Kinofilm
Virginio (Calcina) og Sisa (Quispe) er eit eldre par som bur på eit grisgrendt boliviansk platå mellom Andesfjella. Han gjetar lamaflokken. Ho ser til jordflekken, hentar vatn og lagar mat. Når barnebarnet Clever (Choque) vitjar, blir Sisa glad, men Virginio er skeptisk. Clever vil at dei to skal bli med til byen. Det regnar ikkje nok lenger, og hosten til Virginio er fæl. Ikkje snakk om, seier den gamle.
Ekte par
Debutantregissøren Alejandro Loayza Grisi har bakgrunn som fotograf. Det ser ein. Dei vêrbitne andleta og hendene skin. Spektakulært landskap er vakkert ramma inn. At det ofte er ei mengd lamaar på lerretet, er bonus. Vi får tid til å ta inn dei nydelege bileta, sjølv om det er nok av dramatiske element i forteljinga. Stundom kjem flotte, forstyrrande tonar med rette regionale instrument. Ingen Hollywood-strykarar.
José Calcina og Luisa Quispe i hovudrollene er i røynda eit ekte par som aldri har spelt skodespel før. Det gjer dei med bravur. Kjærleik, sinne, kvardag og dramatikk verkar aldri tillært. Ein får kjensla av levd liv, og ein blir forelska av å sjå naturlege Quispe i rolla som myndig og hjarteleg kone og bestemor. Santos Choque som Clever har like mykje røynd som murar, drosjesjåfør og skodespelar. Han overtyder som bygut med urfolkrøter, i klem mellom det nye og det gamle.
Kondoren flyg forbi
Clever forstår ikkje quechua. Sisa tilpassar seg og pratar spansk, men Virginio vil helst gni inn alt som er tapt for bortskjemte byfolk som ikkje held på tradisjonane. Den fråverande faren til Clever har både han og Virginio eit trøblete forhold til. Generasjonskløfta og den massive migrasjonen mot byar i Latin-Amerika er formidla effektivt. Verda endrar seg. Livet med landbruk blir stadig hardare. Dei livgjevande isbreane i fjella forsvinn. Kondoren vakar. Når Virginio skildrar korleis dei majestetiske fuglane driv med ættestup, snakkar han like gjerne om seg sjølv. Kanskje han jamvel siktar til ein generasjon, eit levesett og ein heil kultur.
Utama er med fyrste augekast ei enkel forteljing. Likevel rommar historia tema som kjærleik, generasjonar, livssirklar, trua kulturar, migrasjon og klima. Strålande smålåten stil sikrar at filmen aldri er overlest. Sjå han gjerne som ei likefram, rørande historie. Nyt bileta. La tankane svirre om dei store spørsmåla etter at du kjem ut av salen. Boliviansk film på kino i Noreg er sjeldan vare. Denne er enormt god. Brått er han borte. Nytt høvet.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Strålande smålåten stil sikrar at filmen aldri er overlest.
Fleire artiklar
Ei palestinsk kvinne passerer ruinane av bustadblokker i Hamad i Khan Younis sør på Gaza 13. mars 2024.
Foto: Ahmed Zakot / Reuters / NTB
Alt dette var ikkje nødvendig
Krigen i Gaza er ikkje eit brot, men snarare ei logisk fullbyrding av politikken som er ført dei siste femti åra i Israel.
Ferdigmathylla på butikken er ofte ganske stor. Men er det dei små som handterer ho best?
Foto: Terje Pedersen / NTB
Ferdigmiddag
Det kan sjå ut som smådriftsfordelar bør få dominere norsk ferdigmatproduksjon.
Presidentkandidat Donald Trump gjer honnør når dei spelar av opptaket der dømde etter 6. januar-åtaket på Kongressen syng nasjonalsongen i kor.
Foto: Jeff Dean / AP / NTB
Val på kanten av stupet?
– Om eg ikkje vinn presidentvalet i haust, betyr det slutten på det amerikanske demokratiet, sa Trump på eit valmøte i Ohio sist helg.
29 kvinner i Kremenets-regionen har fått førarkort for traktor dei seinaste vekene.
Foto: Efrem Lukatsky / AP / NTB
Traktorar og forrædarar
I staden for ei fredeleg våronn må Ukraina forsvare seg mot den russiske våroffensiven.
Eugénie arbeider som kokk for den vidgjetne restauranteigaren Dodin i 20 år. Den felles kjærleiken dei har til mat, skapar unike retter som tiltrekkjer seg menneske frå heile verda.
Foto: Carole Bethuel