Bok
Andaktsbok i vitskapeleg klesdrakt
Framstillingsforma er ikkje dogmatisk, og Moxnes er idéhistorisk kunnskapsrik og ein dyktig formidlar.
Jesus lækjer ein lam mann ved bassenget i Betsaida. Målarstykke av Bartolome Esteban Murillo frå 1670.
I det siste har det kome fleire bøker om Det Gamle Testamentet og Det Nye Testamentet og Jesus. No har det alltid vore laga slike bøker, men kan det vera at eit reformasjonsjubileum kombinert med avskaffinga av statskyrkja har gjeve ekstra motivasjon til forlag for slike publiseringar? Den siste boka i denne bølgja er skriven av Halvor Moxnes, og har fått eit noko merkeleg namn: Historien om Jesus. Merkeleg av di ein ut frå innhaldet snarare ville trudd tittelen skulle ha vore Historiene om Jesus, eller aller helst Forteljingane om Jesus. I fleire av kapitteloverskriftene vert fleirtalsforma brukt: «Jesus-biografier», «Jesus-historier», «Mothistorier», «Historier».
Men Moxnes har ei forklaring: Teologar står ikkje attende for humanistar når det gjeld skiftande metodemotesvingingar. No er det noko som heiter minneforteljingar som er i skotet. Så Moxnes tenkjer seg at det var ein person, Jesus, som faktisk gjekk ikring i Palestina og sa og gjorde mykje, og at dette vart opplevd av mange andre i ein kultur der ein tok vare på det som hende gjennom munnleg tradisjon. Dette gav desse personane kollektive minne som til slutt vart tekne vare på i skriftleg form, der ulike versjonar la vekt på ulike hendingar og ord. Slike forteljingar vert kalla minneforteljingar. «Historien» i tittelen må då vera den felles referansen for dei ulike minneforteljingane.
Minneforsking
Sant å seia verkar uttrykket som smør på flesk: Alle forteljingar om noko som har hendt, er vel minneforteljingar? Men poenget er nok å laga ein teknisk term som kan brukast på eit nytt forskingsfelt, nemleg minneforsking: Der studerer ein psykologisk, nevrologisk og sosialantropologisk korleis kollektive minne vert danna og tekne vare på. Her er det sjølvsagt ulike skular: Éin er kritisk og ser på korleis notida gjer at vi kan laga falske minne. Moxnes, derimot, meiner felles opplevingar gjer at slike minne er sanne, om enn delvise.
Dette gjer at han kan hoppa bukk over vitskapeleg, historiefagleg forsking på den historiske Jesus – ei forsking historikaren Per Bjarne Ravnå brukar i den nyleg publiserte boka Jesus fra Nasaret. Mislykket profet eller Guds sønn?. For om ein ser på kjeldene om Jesus som om dei var vanlege kjelder om ein vanleg historisk person, er det knapt nok materiale til å koma med særleg sikre påstandar. Ateisten Ravnå konkluderer da også med at Jesu var ein mislukka profet som ikkje stod opp frå dei døde. Men sjølv kristne forskarar på den historiske Jesus skrellar gjerne bort meir enn godt er for vanlege truande.
Slik bruk av minneforsking gjer at Moxnes’ bok vert ei andaktsbok i vitskapleg klesdrakt. Når evangelia vert truverdige takk vera tru på at evangelistane bygde på kollektive minne av faktiske hendingar, vert det meste av dogmatikken om Jesus berga. Dette betyr likevel ikkje at boka vert uinteressant for ikkje-truande: Framstillingsforma er ikkje dogmatisk i seg sjølv, og Moxnes er idéhistorisk særs kunnskapsrik og ein dyktig formidlar. Etter å ha gått gjennom dei fire evangelia med vekt på likskapar og skilnader, òg vurdert i lys av sjangerkonvensjonar på den tida, får vi mykje interessant stoff om dei apokryfe forteljingane og evangelia. Og om Moxnes er lite kritisk til minna evangelistane har, slepper han til det han kallar mothistorier, slike som vart laga for å undergrava dei overnaturlege trekka ved minneforteljingane til evangelistane: Til dømes jødiske forteljingar som skal visa at Jesus ikkje var nokon Messias, og særleg Koranens framstilling av Jesus som stor profet, og ingen monoteismetrugande son av Gud.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.