JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Ambivalens på mange plan

Sympathetic Magic er eit nytt viktig verk frå Kim Myhr.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1716
20220826
1716
20220826

Jazz / Samtids­musikk

Kim Myhr:

Sympathetic Magic

Kim Myhr, gitarar, orgel, synthesizer, bass, trommemaskin og vokal; Hans Hulbækmo og Michaela Antalová, trommer og perkusjon; Ingar Zach, perkusjon; Adrian Myhr, bass og gitarar; Anja Lauvdal, orgel og synthesizer; Håvard Volden og David Stackenäs, gitarar. Hubro

Kim Myhr har verkeleg sett spor etter seg som komponist dei seinare åra. Sympathetic Magic kan sjåast på som ei vidareføring av You me (Hubro, 2017) som blei nominert til Nordisk råds musikkpris. Medan You me bada lydaren i klangar, er denne utgjevinga prega av skiftande melodiske snuttar, og ho står fram som ein sjudelt suite der delane i varierande grad har songkarakter.

Arbeidet med verket tok til under pandemien, og i førekant av komponeringa hadde Myhr kjøpt eit gamalt Yamaha-orgel (YC45d). Dette instrumentet har også på sitt vis vore med på å prega det endelege resultatet. Myhr har med seg sju eineståande musikarar som alle klart lar seg identifisera. Her er det ikkje rom for individuelle eskapadar, men bandet gjev samla sett ei framdrift og ein nerve til musikken som ville vore vanskeleg å få til om Myhr hadde gjort det heile heime på guterommet.

Musikken på Sympathetic Magic er på mange vis prega av ambivalens. Dette gjeld ikkje berre klangleg, harmonisk og rytmisk. Myhr ynskjer å få fram kjensla av sosialt fellesskap slik ein kjende det i tida før pandemien. Han lukkast i å få fram lengten, men får også fram det fleirsidige ved sosialt fellesskap. For å seia det med Tor Jonsson: «Nærast er du når du er borte.»

Lars Mossefinn

Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Den såkalla hysjpengesaka mot Donald Trump er inne i andre veke i retten i New York.

Illustrasjon: Jane Rosenberg / Reuters

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Høgt spel i New York

Straffesaka som no går føre seg mot Trump, er den han har størst sjanse til å verte frikjend i. Og vert han det, kan saka òg gje han fleire veljarar, seier kommentator Jan Arild Snoen.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis