Bok
Altfor munnleg om mat
Wolfgang Wee har laga bok av podkasten sin. Det var ikkje så lurt.
Wolfgang Wee (t.v.) og Birger Svihus.
Foto: Agnete Brun
Éin ting skal dei ha, podkastprogramleiar Wolfgang Wee og NMBU-professor i ernæring Birger Svihus: Når dei gjev ut ei bok som skal hjelpe lesaren å forstå maten hen et, kastar dei ikkje vekk tid på utanomsnakk. Ingenting om så trivielle ting som kven dei er og kvifor dei tilsynelatande sit og snakkar saman på fyrste side.
I det minste er teksten dei presenterer mellom to stive permar i Mat, i sin heilskap eit intervju der Wee er intervjuaren og Svihus eksperten – og her er det rett i gang med fyrste spørsmål: «Hva er egentlig forskjellen på kosthold og ernæring?» Og det er jo eit relevant spørsmål, det, som Svihus parerer greitt med at kosthald er kva vi et, medan ernæring er kvifor vi et det. Likevel er det noko anna som gneg i hovudet mitt: Eg vert usikker på kva det eigentleg er eg les.
Frå tale til tekst
Vaskelappen er til hjelp: «Boka er basert på den populære serien ’Mat og ernæring’ i podkasten Wolfgang Wee Uncut», lærer eg her. Wees podkast har halde det gåande sidan 2019, vert gjerne samanlikna med The Joe Rogan-experience og er blant Noregs mest populære. Men no er det ei bok eg les, og allereie på andre tekstside vert eg usikker igjen: «jeg håper at man kan få en bedre forståelse av hvilken rolle ulike matvarer spiller etter å ha lest boka», seier Svihus her. Eller har han skrive det?
Kanskje er det flisespikkeri, men eg vert så plaga av å ikkje vite kor denne teksten kjem frå, at eg må inn på podkastserien og høyre. «Problemet i dag er jo at det er noen som spiser enorme mengder sukker – fordi de drikker bare brus, ikke sant, og det er på mange måter det verste», seier Podkast-Svihus i episoden om sukker. «Problemet i dag er at noen får i seg enorme mengder sukker, særlig gjennom brus og godteri», seier Bok-Svihus.
Så då veit vi det: Boka er transkribert og komprimert podkastsamtale.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.