Bok
Alt som liknar på oss
Debutantdikt som står godt på eigne bein.
Silje Linge Haaland er kunstnar og poet.
Foto: Julie Pike
I Silje Line Haalands debutbok Desperasjonsanimasjon finn ein dikt med ein sterk naturlyrisk impuls. Men naturkjensla vert råka av sjokkarta brot som riv ein bort frå landskapet ein er i. I setninga «stråene vaier som logo for vind» bryt økonomien inn i naturen, i sansinga og i språket.
Det handlar ikkje berre om at naturen blir innskriven i, og utnytta av, menneska. Det handlar også om noko meir grunnleggjande, om det å kunne sjå likskapar og likne noko med noko anna, for å blåse liv inn i det. Slik undersøkjer dikta ikkje berre etterlikningane som skjer i ungars tilhøve til vaksne, for naturen kan også tene som modell for etterlikninga: «Se: hvordan vi imiterer vannet/ hvordan ungenes hår bølger.»
Refleksjon
Diktdebutant Haaland er biletkunstnar. Gjennom ein særeigen montasjeteknikk fører kunstarbeida hennar saman fleire uttrykk, skulptur, video, lyd, tekst og tekstil. Ofte vandrar same motiv att og fram frå éin samanheng til ein annan, frå video til skulptur til tekst. Det verkar som det produktive i Haalands kunst skjer i overgangane og kryssingane mellom dei ulike materiala og framstillingsformene.
Tekststykke som finst i kunstverka, finst integrerte også i debutboka. Desperasjonsanimasjon er eit omgrep kunstnaren nyttar om kunsten sin: Fordi kunsten ikkje slepp unna at han er kunstig, skapar han ikkje autentisk liv. Kunst er i beste fall ein refleksjon av det levande. Kunsten får difor eit umogleg og fortvilande skjer over seg: «jeg er bundet til bilder etter bilder/ som gress til jord».
Grensekryssande
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.