Bok

Alt om mennesket

I Behave summerer kanskje verdas fremste primatforskar kva det er som formar oss. Boka er god, men forfattaren tyt for mykje.

Publisert

Bør du lese Behave? Ja, denne boka vert ståande. Du finn ikkje noko betre om den menneskelege biologien og naturen enn Behave. Kjem du til å ha berre glede av henne? Nei. Sjølv om boka er på 800 sider, verkar det som om ho er skriven i eitt og med lite ettertanke.

Ja, det er skilnad på menn og kvinner, og ja, IQ er viktig, genar òg. Vi er preprogramerte, og miljøet formar oss frå dag éin, og det er det i grunnen lite å gjera med, skriv Robert Sapolsky.

Men sånn midt ute i boka kjem dette, og det er på ingen måte utypisk. Sapolsky vil så gjerne vera god: Amerikanarane har den såkalla SAT-testen, som i praksis er ein kombinert IQ- og kunnskapstest som du tek før du søkjer på college. I 1983 var det elleve gutar per éi jente som makta det høgste nivået i matematikk. Ja, seier Sapolsky, det er kjønnsskilnader på guter og jenter i rekning, og ja, det har truleg med hormon å gjera. Om du gjev nokon tilskot av testosteron, går faktisk evna til å rekna opp.

Norden

Men så vil Sapolsky på ny hamra inn det som er hovudbodskapen: at genar og hormon stort sett alltid er i samspel med miljøet. Han dreg oss med til Norden og fortel at der har jentene på Island betre matteresultat enn gutane. Dette, fortel han, er ein funksjon av likestilling, som vi i Norden er best på. Og motsett: Di mindre likestilling, di betre gjer gutane det i matematikk.

Problemet er berre at han snakkar om to ulike ting. Den fyrste delen handlar om den lange halen: Dei ekstreme på kvar side av skalaen er alltid gutar. Dei med høgst IQ er gutar, dei med lægst IQ er gutar. Og ja, det har nok noko med testosteron å gjera, som han sjølv skriv mykje om. Men det andre han snakkar om, oss i Norden, handlar om gjennomsnitt. Det er gjennomsnittsjenta som no har vorte betre i matematikk, ikkje ekstremjenta. Denne skilnaden må då Sapolsky forstå, eg har faktisk sendt han e-post og spurt, men har diverre ikkje fått svar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement