Bok
Alle draumane våre
Stina Stoor skriv rikt om fattige forhold.
Stina Stoor er ein kritikarrost, svensk forfattar.
Foto: Nasti Roos / Gyldendal
Dansaren og koreografen Jo Strømgren sa i eit intervju at første gongen han las Forvandlingen av Kafka, gjorde han det på spansk, eit språk han enno ikkje beherska. Då han tykte det stod at Gregor Samsa vakna ein morgon og var forvandla til eit insekt, trudde han ikkje sine eigne auge. Han slo opp i ordboka. Ho kunne berre bekrefte at det var insekt det dreidde seg om. Dette fekk Strømgren til å uttale at ein oftare burde lese bøker på eit anna språk, for då fekk ein eit slags hypermedvit om det som faktisk stod der, framfor å berre dure i veg på sitt eige språk og tenkje: «Insekt, ja, sjølvsagt». No tenkte han: «Insekt! Kor rart er ikkje det!»
Særeigen klang
Eg tenkjer på dette i møte med svenske Stina Stoors novellesamling Bli som folk. Ho er i Sverige sterkt kritikarrost for denne debuten, og blei nominert til den prestisjetunge Augustprisen for han. Det første som møter lesaren, er ei uventa språkføring. Ein stansar etter nokre få setningar og stussar på si eiga leseevne, eller på om omsetjaren har hatt ein søvnig dag på kontoret. (Eg veit at det er fornærmande å påstå at arbeidet har tatt éin dag, men det er no slik uttrykket går.) Ein må, som Strømgren, setje inn eit konsentrert blikk, gi seg over og stole på det som står der. Då skjønar ein at dette er ein klang særeigen for forfattaren, og at omsetjar Geir Pollen tvert om må ha vore typisk vaken i dette arbeidet.
Det kan låte slik: «Elgsøvnen hadde lukta, som gammelt gress og, og! Noe anna. Sånn, lukta lys natt med fjellvåken i sirkler over.» Eller: «Selv om Fredde, selvfølgelig. Kanskje bak hjørnet bare.» Ein treng konteksten for å femne heilskapen, men eksempla viser den språklege metoden, som gjennom dei ni novellene ofte heng saman med at dei er sett frå eit barneperspektiv; barn tenkjer ikkje alltid i vaksenlogiske språkvendingar. Men det er ikkje alltid forklaringa.
Utsikter og innsikter
Novellene er lagde til eit Bygde-Norrland der dei fleste lever under fattigslege kår. Foreldra klipper håret på barna sjølve, ungane går i avlagde klede, og mora i familien kan byte strikk i trusene framfor å kjøpe nye. Menneska i dette miljøet er gjerne såkalla ressurssvake, noko som nokre gongar kan verke nedslåande, andre gonger romme ein kjærleik som peiker nase til korleis livet er i meir blaserte, urbane strok.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.