Film

All ære, Ernest

Ernest Cole: Lost and Found er vakker og velfortald om vegen frå lovande karriere til uteliggar i eksil.

Filmen som Raoul Peck har laga om Ernest Cole, fekk pris som beste dokumentar i Cannes.
Publisert

Den sørafrikanske fotografen Ernest Cole (1940–1990) dokumenterte apartheid gjennom store delar av 1950- og 1960-talet før han reiste til USA. Respektert som han var, fekk han oppdrag av renommerte tidsskrift, men blikket hans på sørstatane var visst ikkje som bestillarane ynskte.

Han vart stadig meir desillusjonert, og heimlandet kunne han ikkje lenger returnera til. The land of opportunity baud ikkje på mange sjansar for unge Ernest.

Aldri heime

Vanlege menneske i vanlege situasjonar, det var hovudmotivet til Cole. Heile Ernest Cole: Lost and Found er så god for auga at sjølv om det triste bak dei fleste situasjonane lyser gjennom, så får han fram så mykje sårbart og vakkert, og eg nyt estetikken. Det er som å reisa med tidsmaskin til Sør-Afrika og få vera vitne til ein heil epoke, ganske så ukjent for meg, sjølv om eg tilhøyrer generasjonen som song «Free Nelson Mandela» i musikktimane på barneskulen.  

Og så set han ord og bilete på det å eigentleg alltid vera utanfor, aldri heilt akseptert. Heller ikkje då han kom til det liberale New York, ein stad der svarte tilsynelatande levde heilt amerikanske liv, sidestilt med kvite. Den rasismen var heilt annleis enn apartheiden han kom frå, men han kjente seg aldri heime der heller. «I am homesick, and I cannot return», seier han fleire gongar.

Forteljaren

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement