Film

Aligjen

Kampen mot tida og ekle kryp er i gang nok ein gong.

Katherine Waterston, i rolla som Daniels, er både beintøff og sårbar.
Katherine Waterston, i rolla som Daniels, er både beintøff og sårbar.
Publisert

Romskipet Covenant er lasta med 2000 kryo-sovande menneske på veg til planeten Origae-6. Mannskapet søv også, heilt til tekniske feil gjer at det bryt ut brann, og den androide vaktmeisteren Walter (Fassbender) lyt vekka dei. Kapteinen, som er ektemannen til Daniels, (Waterston) døyr i brannen, og den usikre Oram (Crudup) tek over leiinga. Når det kjem inn signal om liv på ein planet undervegs, dristar den nye kapteinen seg til å utforska denne, trass i protestar frå Daniels. Uflaks at dette tilfeldigvis er planeten folka på romskipet Promotheus gjekk under på tolv år tidlegare, og at alt framleis ikkje er som det skal vera her.

Ridley Scott

Det nærmar seg tida på året då filmselskapa satsar stort på dei verkeleg gigantiske produksjonane som skal skaffa tilbake dei enorme summane som er brukt på både filmen og marknadsføringa. Berre unntaksvis vil dette seie noko anna enn science fiction, action eller helst ein kombinasjon. No er det ikkje kven som helst som står bak storsatsinga Alien: Covenant – regissøren av den opphavlege Alien (1979) og oppfølgjaren Promotheus (2012), Ridley Scott, held framleis roret. Bak dei nesten imponerande svulstige dialogane står John Logan, som også var manusforfattar på Scott sitt episke slavedrama Gladiatoren (2000). Det manglar ikkje på store ord, fakter og budsjett. Og for fansen må det nok vera slik, skal forventningane verta innfridde.

Androistisk

Eg gir meir fan enn eg er fan når det gjeld sci-fi og actionfilmar, såpass skuldar eg å opplysa. Å sjå slimete romvesen med multiple, taggete kjeftar tygge hovudet av skrikande menneske er berre ikkje mi form for underhaldning. Men eg sette pris på den originale Alien og Scotts neste spelefilm, briljante Blade Runner (1982), så direkte allergisk er eg ikkje. Fassbender er tilbake som David, androiden frå Promotheus, men også som «broren» Walter, vaktmeister på Covenant. Det er kampen mellom dei to som er hovuddrivkrafta; det gode mot det vonde, Moses mot Ramses. Dei to humanoide androidane er i ferd med å utvikla menneskelege eigenskapar som viljestyrke og lojalitet, samt forkjærleik for poesi og fløytespeling. Det siste er kanskje det mest urovekkande.

Kjenslekrig

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement