Film
Akademisk jaktsesong
Luca Guadignino tek for seg vaksenproblem like godt som ungdomsproblem.
Universitetsprofessoren Alma (Julia Roberts) saman med kollegaen Hank (Andrew Garfield), som får ei skulding mot seg frå ein student.
Foto: SF Norge
Filosofiprofessor Alma (Roberts) satsar på snarleg fast tilsetjing, noko også kollega og ven Hank (Garfield) håpar på. Samtidig brukar dei begge mykje tid på å få fram nye talent, som ph.d.-student Maggie (Edebiri).
På ein fest heime hos Alma og tøffelmannen hennar, Fred (Stuhlbarg), finn Maggie tilfeldigvis ein konvolutt, og etterpå blir Hank med henne heim for ein siste drink – begge hendingar som vil ha store konsekvensar, skal det visa seg.
Stødig
Alt før sjølve filmen startar, høyrest ei høg tikking, som frå ei klokke, eller ei bombe. Det kunne ikkje vore meir talande for After the Hunt. Tittelen siktar kan henda mot ein slutt som ligg gode to timar unna. Stol på at regissør Luca Guadagnino tek seg god tid når han nok ein gong lagar mellommenneskeleg drama av den kompliserte sorten.
Etter det som må kallast gjennombrotsfilmen hans, Call Me by Your Name (2017), har han ikkje lege på latsida. Både Queer og Challengers kom i 2024. Utanom musikken, der han dei siste filmane trufast har brukt Nine Inch Nails-medlemmene Trenzt Reznor og Atticus Ross, skiftar han ut staben rimeleg ofte. Denne gongen er det debutmanusforfattar Nora Garrett som står for plottet, og eg er imponert. Dette er stødige greier, trass i ein haug med ustødige element.
Gapet
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.