Bok
Ære, potteplanter og opprørske husmødrer
Den raude tråden i Skikkelige folk er kva verdiar som har skapt eit godt samfunn.
Den typiske husmorrolla frå 1950-åra forsvann då kvinner gjekk inn i det betalte yrkeslivet.
Foto: NTB
Ei av dei største endringane, om ikkje den største, som skjedde i mange samfunn i det førre hundreåret, var at kvinner gjekk inn i det betalte yrkeslivet. Professor i historie Ingar Kaldal har eit vakent auga for husmora og gjev henne plass. Det er rimeleg. Halve Noreg var i si tid husmødrer, og den ulønte innsatsen var og er alltid på utstilling.
Heilt i starten av boka siterer han ei husmor som levde på 1930-talet og utover: For hadde du «pene planter og pene gardiner, så var du et skikkelig menneske, da var du ikke sjuskete, men hadde du bare noen stilker stående, da var du ikke noe særlig, nei».
Dagen eg opna boka til Kaldal, Skikkelige folk, fall høveleg saman med at Dagsavisen opplyste at forfattaren Eva Ramm fylte hundre år. 1950-talet var husmoras stordomstid i Noreg, og Ramm gav i 1958 ut romanen Støv på hjernen, ein bestseljar som året etter vart storsuksess som film. Ramm plasserte sin humoristiske finger på husmoræra: Kvinner burde heller pynte seg for mannen enn å pusse ruter.
Husmora er evig aktuell. Men tilstanden i glaskarmen er ikkje lenger så talande for æra. Ho har i seinare tid stått fram som tradwife. Om denne nygamle varianten er ei skikkeleg husmor, er for tidleg å døme om.
Arbeidsliv
Kaldal forfølgjer gjennom eigne og andre sine studiar, intervju og dagbøker det skikkelege, respekt og ære blant vanlege folk, frå 1920-talet til i dag. Vi er i fabrikken, skogen, byen, i heimen og så vidt innom fjøs. På tresliperiet Follafoss i Trøndelag gjev han ei grundig innføring i kva krava var. Ein laut vera påliteleg, slendrian ville føre til dårleg arbeidsmiljø og ulykker, og fagorganisering stod sentralt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.