Film

Abort og det som verre er

Piken med nålen er unostalgisk kostymesosialrealisme på sitt beste.

Piken med nålen er inspirert av verkelege hendingar like etter første verdskrigen.
Publisert Sist oppdatert

København, 1918: Den fattige syerska Karoline (Sonne) ber fabrikkeigar Jørgen (Fjelstrup) om enkepensjon, då mannen hennar mest sannsynleg har omkome i krigen. Jørgen avslår, men ikkje nok til at Karoline ikkje blir gravid.

I desperasjon tyr ho til hjelpa frå fru Overby (Dyrholm), som saman med dottera Erena (Martin) driv delikatesseforretning. Men hovudgeskjeften er adopsjonsbyrå – på ein måte.

Filmatisk

Nærbilete av forvridde ansikt dekker lerretet, David Lynch-aktige feberfantasiar i svart-kvitt. Det er ikkje den einaste Lynch-referansen, eg får assosiasjonar til Elefantmannen (1980) både med tanke på tidsepoken og spesielt heimkomsten til ektemannen til Karoline.

Ikkje veit eg kor ekte realistiske nokon av desse filmane er, men det er som eg kan kjenna kulden gjennom grove ullklede, lukta av skit, sveitte, piss og peis, smaken av tynn te og kamferdrops, særleg i Piken med nålen.

Det er lite glamorøst kostymedrama over regissør Magnus von Horns nyaste film, for å seia det slik. Filmen vart nominert til både Oscar og Gullpalmen og ei røys andre prisar, inkludert (ikkje overraskande) fleire prisar for filmfotografi.

Allereie abonnent?
Prøv Dag og Tid digitalt
49 kr fyrste månad
Deretter 199 kr/månad. Ingen binding.
Lydavis
Nettartiklar
Digital utgåve
Arkiv
Spel