Musikk
Noregs mest særmerkte popstjerne heiter Morten. Ikkje Harket. Abel.
Det er mykje løyndom med det nye albumet til Morten Abel, inkludert fotografi. Dette er tatt for nokre år sidan.
Foto: Lasse Fløde
Her er ei klage: Om ein vitjar Store norske leksikon på nettet, kan ein finne oppføringar om både a-ha og Morten Harket. Ein kan finne artiklar om deLillos og Lars Lillo-Stenberg. Morten Abel er ført opp åleine. Ingen av banda han har spelt i, har eigen artikkel.
63-åringen har ein oppsiktsvekkjande karriere. Som vokalist i Catrix tapte han NM i rock. Vazelina Bilopphøggers og The Kids var òg med, men alle måtte sjå seg slått av det no gløymde bergensbandet Allison. Catrix skifta namn til Mods og skapte mellom anna «Tore Tang», som for alltid vil vere knytt til handballandslaget for kvinner spesielt og rogalendingar generelt.
Ein relikvie
Abel gjekk via eit skifte til engelsk over i The September When og Peltz, før han tok fatt på ein solokarriere som snart rundar 30 år. Dei siste ti åra har han skifta til norsk, altså stavangerdialekt og – på éin låt – fødedialekta bodøværing. For å parafrasere nett den: Det verkar som om karrieren til Abel har som hovudstrategi at det ikkje skal vere lett å segle på blankt hav. Ei leiken uro går igjen i alt han gjer.
Berre høyr på albumet han er på jubileumsturné med no i starten av året, I’ll Come Back and Love You Forever. Det startar med at han på gebrokke engelsk ropar «Hello, this is my record, welcome to it», og sluttar med britiskklingande mumlelesing av eit dikt om ein ramn, avbroten av produsenten som meiner det er for dårleg.
Laurdag 7. februar skal Abel spele heile dette for over 5000 i Stavanger. I tal høyrest det ut som Jesu mest kjende piknik, men det er langt frå noko religiøst over Morten Abel. Likevel kan ein på desse konsertane sikre seg ein relikvie. I kiosken sel Abel eit nytt album. Og nett no er det berre slik ein kan høyre det.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.